Høyring: Planprogram for Regional plan for fornybar energi

Vestland fylkeskommune skal vedta ein ny regional plan for fornybar energi. Fylkesutvalet har no vedtatt eit høyringsutkast til planprogrammet for sjølve planen. Gi dine innspel innan fristen 23. april.

I høyringsperioden ønsker vi dykkar innspel på:

  • kunnskapsgrunnlaget til dei enkelte fornybare energikjeldene
  • problemstillingar som er viktige innan dei føreslegne plantema
  • medverknad i planarbeidet
  • anna som blir vurdert som viktige innspel i planarbeidet

Eit grunnlag for klimaomstilling i Vestland

Regional plan for fornybar energi skal vere eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. Planen har som oppdrag å fastsette mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi. Dette inneber og eit estimat over kor mykje energi som vil kome frå fornybare energikjelder i løpet av planperioden. Dei fornybare energikjeldene har sitt opphav i naturens eige fornybare krinsløp.

Kraftforsyninga i fylket skal greiast ut. Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i Noreg og eksporterer kraft ut av fylket. Samstundes manglar fleire av kommunane i fylket kraft for vidare vekst og realisering av grøne arbeidsplassar. Planen vil sette retningsliner for fleksibel og sikker kraftforsyning, som er ein viktig føresetnad for vidare grøn verdiskaping i fylket.

Kva er eit planprogram?

Før vi kan ta til å jobbe med sjølve planen skal det utarbeidast eit planprogram. Dette skal gje føringar for planarbeidet. Det vil mellom anna seie føringar i form av overordna mål for arbeidet, kva tema ein skal vektleggje, korleis sikre medverknad og organisere arbeidet.

Planprogrammet har desse viktige føremåla:

  • Avgrense val av plantema
  • Sikre opplegg for medverknad i planarbeidet
  • Avklare trong for utgreiingar

Planen er at endeleg vedtak av planprogrammet skal skje i fylkesutvalet 1. juni.