Høyring: planprogram for regional plan for klima
Vestland fylkeskommune skal vedta ny regional plan for klima 2023–2035. Utkastet til planprogrammet er no lagt ut til høyring, og vi inviterer alle til å komme med høyringsinnspel innan 18. juni.
Planprogrammet er "planen for planen", altså ei bestilling på kva vi skal prioritere å jobbe med i sjølve planprosessen. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad, kva tema vi skal utdjupe i endeleg plan og behov for utgreiingar.
Det er i denne fasen vi får på plass tema vi skal utdjupe i den endelege planen. Vi håper difor at de kjem med tilbakemelding, slik at de kan påverke regional plan for klima.
Tre hovudområde innan klimaomstilling
Utgangspunktet for arbeidet baserer seg på at Vestland skal vere pådrivar for klimaomstilling. Klimaomstilling er ei samfunnsendring der vi vil konsentrere oss om tre hovudområde:
- utsleppsreduksjon
- klimatilpassing
- å sikre naturmangfald
Klimaplanen skal difor handle om både korleis vi i Vestland skal redusere klimagassutsleppa våre med mål om nullutslepp innan 2030, og korleis vi kan tilpasse oss klimaendringane. I tillegg vil vi styrke integreringa av naturmangfald i klimaarbeidet.
For å dekke desse tre hovudområda innan klimaomstilling føreslår vi følgjande plantema:
- redusere klimafotavtrykket
- fjerne direkte utslepp
- eit trygt og robust Vestland
- klimarettferd og folkehelse
- sikre naturmangfald
Ei klimaomstilling av vestlandssamfunnet vil gjelde heile Vestland, og vi inviterer no alle til å komme med innspel for i saman lage ein regional plan for klima i Vestland.
Dette er ikkje ein plan for produksjon og distribusjon av fornybar energi, det vil bli handtert i ein eigen regional plan. Difor er det ikkje naudsynt å komme med uttalar kring det temaet no.
Fylkesutvalet vedtok 20. april å legge planprogrammet ut på høyring.
Høyringsmøte
Vi gjennomfører i høyringsperioden fleire høyringsmøte for å informere om innhaldet i utkastet av planprogrammet, som no er ute på høyring.
25. mai – høyringsmøte med kommunane
Vi arrangerte digitalt høyringsmøte med kommunane for å legge eit godt grunnlag for kommunale høyringsuttalar. 84 deltakarar var med i møtet, der om lag 30 av kommunane i Vestland var representerte. Fylkesdirektør Paal Fosdal opna møtet med ei kort innleiing, før planprogrammet vart presentert av prosjektleiinga.
Deretter følgde tre faglege innlegg, og du kan sjå programmet for møtet her. Det blei opna opp for spørsmål både til dei faglege innlegga og til planprogrammet. Kommunane har ei viktig rolle i klimaomstillinga, og difor konsentrerte vi oss særleg om kva forventningar kommunen har til den regionale planen, og kva dei ynskjer at planen skal vere.
Presentasjonane frå møtet
- Presentasjon av planprogrammet ved Ida-Beate Mølmesdal og Snorre Waage, prosjektleiing klimaplan Vestland fylkeskommune
- Klimarisiko – Kva er det, og korleis kan det nyttast i ein kommune? ved Stina Oseland, klimadirektør Bergen kommune
- Klimarettferd – kvifor er det viktig? ved Aina Haugstad, Seksjon for statistikk, kart og analyse, Vestland fylkeskommune
- Naturmangfald – Kvifor er det viktig i klimaplanar? ved Christian Steel, generalsekretær Sabima
2. juni – høyrings- og innspelsmøte med relevante forskingsinstitusjonar
Vi inviterte ulike forskingsressursar som fylkeskommunen har gjennomført forskingsprosjekt med, til eit eige innspelsmøte. Deltakarar frå Vestlandsforsking, NORADAPT, Univeristetet i Bergen og Senter for klima og energiomstilling (CET) deltok. Desse kjem tradisjonelt ikkje med offentlege høyringsuttalar på regionale planar eller planprogram, men sit samstundes med oppdatert kunnskap om tema, har forska på kommunale og regionale klimaplanar, samt driv ulike forskingsprosjekt som potensielt kan vere relevante for planprosessen.
Dei fekk høve til å gi tilbakemeldingar og stille spørsmål til utkast til planprogram, samt presentere relevante pågåande og avslutta prosjekt som prosjektleiinga burde vite om.
Presentasjon frå møtet
- Presentasjon av planprogrammet, ved Ida-Beate Mølmesdal og Snorre Waage, prosjektleiing klimaplan Vestland fylkeskommune
8. juni – regionalt planforum med statlege aktørar og FNF
Høyringsutkastet for planprogrammet vart presentert og diskutert i regionalt planforum 8. juni. Representantar frå Statens vegvesen, Statsforvaltaren i Vestland, BaneNor og Kystverket deltok i tillegg til representantar internt i fylkeskommunen.
Presentasjon frå møtet
- Presentasjon av planprogrammet, ved Ida-Beate Mølmesdal og Snorre Waage, prosjektleiing klimaplan Vestland fylkeskommune
Vi presenterer høyringsutkastet
Alle kan kome med høyringsuttalar, både innbyggjarar, verksemder, kommunar, lag og organisasjonar. Vi oppmodar alle om å kome med innspel for å gjere planprogrammet vårt best mogleg.
Vi har laga ein presentasjon av høyringsutkastet, som kanskje kan gi deg eit endå betre grunnlag for å skrive ein høyringsuttale.
Vi ynskjer å vite om det er noko viktig vi har gløymt, er det plantema som manglar, er det utgreiingar vi bør gjere, er det problemstillingar de ikkje ser at vi belyser, og har vi inkludert dei som bør bli høyrde i skildring av medverknadsprosessar? Vi ynskjer å vite kva du meiner er viktig at vi jobbar med vidare i planprosessen, slik at produktet vårt, ein ny klimaplan for Vestland, vert best mogleg.