Høyring – Utviklingsplan for Vestland 2020–2024. Regional planstrategi

Kva slags langsiktig retning skal vestlandsamfunnet ta? Korleis møter vi best utfordringane og utviklingsmoglegheiter vi har? Kva slags prioriteringar skal leggast til grunn for regional satsing og planlegging? Det er nokre av dei viktige spørsmåla i framlegget til utviklingsplan for Vestland, som no er ute på høyring og til offentleg ettersyn.

Fylkeskommunen vil arbeide for eit nyskapande og berekraftig Vestland. Vi skal setje retning, engasjere og arbeide saman for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta fylke.

Tema i planen er alt frå grøn konkurransekraft og korleis redusere klimagassutslepp, via korleis vi kan skape attraktive stadar og gode bumiljø, og til gode transportsamband og korleis sikre at ungdom trivst og deltek i samfunnet vårt.

Vi oppmodar alle som er interesserte i framtida til fylket vårt til å sende merknad til utviklingsplanen, anten det er kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar eller privatpersonar.

Fristen for å gje innspel er 28. juni.

Høyringsutkast

Høyringsutkast – Utviklingsplan for Vestland 2020–2024. Regional planstrategi

Mål og strategiar for å dra i same retning

I Vestland kallar vi planstrategien vår for ein utviklingsplan. Det er fordi han skal stake ut ein tydeleg kurs for samfunnsutviklinga i fylket, slik at det skal vere motiverande og lett for alle å bidra til å dra i same retning.

Utviklingsplanen baserer seg på eit grundig kunnskapsgrunnlag, som gjer greie for dei viktigaste utviklingstrekka og utfordringane i det nye fylket. I oversiktsbiletet ligg det mange ulike langsiktige utviklingsmogelegheiter. Planen tek stilling til kva mål som er viktige for oss i denne politiske fireårsperioden, og kva strategiar som kan hjelpe oss å nå dei. 

Utviklingsplanen vert lagt til grunn for både satsingar og verkemiddel i fylkeskommunen og for statleg og regional planlegging. Han seier òg noko om kva regionale planar vi treng i denne perioden.

Kva ønsker vi dykkar syn på?

  • Bidreg utviklingsplanen til å gje ei tydeleg strategisk retning for utvikling av Vestland?
  • Bidreg planen til å styrke det lokale sjølvstyret?
  • Bidreg planen til å mobilisere ulike aktørar til å delta i arbeidet med å byggje eit nytt fylke?
  • Er planen et godt verktøy for å samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk?
  • Bidreg overordna mål for samfunnsutviklinga til å møte utfordringar og utviklingsmoglegheiter som kjem fram i kunnskapsgrunnlaget?
  • Er strategiane veleigna til å nå måla?

Både regional og nasjonale politikk løfter fram dei 17 berekraftsmåla til FN som grunnlag for samfunnsutvikling og planlegging. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Utviklingsplanen skal syne kva lokale moglegheiter det globale berekraftarbeidet kan gje oss. Dette er spissa i fire ulike målformuleringar som relaterer seg til ulike berekraftmål:

Mål 1 Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg

Mål 2 Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling

Mål 3 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland

Mål 4 Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping

Under kvart mål er det utvikla fleire strategiar som skal bidra til at vi når måla.

Fylkeskommunen vil arrangere eit digitalt medverknadsmøte i høyringsperioden 2. juni 2020. Her vil vi invitere inn nokre sentrale samfunnsaktørar til å gje sin kommentar til utviklingsplanen. Medverknadsmøtet vert streama.

Alle som vil kan sjå direktesending av møtet, og stille skriftlege  spørsmål. Vi legg dei også ut som opptak i etterkant. Ein treng ikkje melde seg på. Meir informasjon og lenke til deltaking vert lagt på denne sida når tida nærmar seg.

Arbeidet med utviklingsplanen starta i 2018 og er no ved ein viktig milepåle. 30. april vedtok fylkesutvalet å sende forslag til utviklingsplan på høyring og til offentleg ettersyn. Fylkestinget skal vedta utviklingsplanen i haust.

Planutvalet i Vestland har leia prosessen og drøfta vegval undervegs. I tillegg har det vore brei intern og ekstern medverknad.

Vi inviterer no alle i det nye fylket til å vere med og påverke retninga for den langsiktige samfunnsutviklinga gjennom høyring og ettersyn av den regionale utviklingsplanen. For å sikre medverknad og kunnskap held vi regionvise digitale høyringsmøte, der alle er velkomne!

Plan- og bygningslova seier at fylkeskommunane minst ein gong i kvar valperiode skal lage ein langsiktig regional planstrategi. Fylkestinget som er vedtaksmynde. Planstrategien skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Når han er vedtatt, skal både kommunane og statlege og regionale organ legge han til grunn for planlegginga si. Sjå plan og bygningslova.

Fylkestinget skal etter planen vedta utviklingsplanen for Vestland i september 2020.