Høyring - lokal forskrift om inntak og formidling i Vestland fylkeskommune

Kva for inntaksmodell fylkestinget skal velje for det nye fylket? Kva reglar skal gjelde for dei som ønskjer læreplass? Dette er nokre av dei viktige spørsmåla i framlegget som vi no sender ut på høyring. Alle, både organisasjonar og privatpersonar, kan svare. Frist: 23. februar.

Føremålet med den lokale forskrifta er å regulere særskilte høve rundt inntak til vidaregåande opplæring og formidling av læreplass i Vestland fylkeskommune. Den lokale forskrifta er utfyllande, og må sjåast i samanheng med kapittel 6 og kapittel 6A i forskrift til opplæringslova, og fastsett korleis Vestland fylkeskommune skal gjennomføre inntak og formidling.  

Av den del av den lokale forskrifta som er styrt av opplæringslov med forskrift, er det ikkje lagt inn mogelegheit for kommentarar.

Kva ønsker vi høyringsinstansane sitt syn på? 

Kva for inntaksmodell fylkestinget skal velje for det nye fylket er kanskje det viktigaste spørsmålet i høyringa. Vidare er det paragrafar som vil bety endringar i praksis, eller som er vurdert som særskilt viktige eller av prinsipiell art.  

I høyringa vert det presentert tre hovudalternativ for inntak til vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune:   

  • Fritt skuleval
  • Nærskuleprinsipp
  • Inntaksområde

Val av inntaksmodell og andre sentrale paragrafar er presenterte og drøfta i eige vedlegg. Desse er: 

  • Modell for inntak
  • Val av inntaksregionar (ved val av meir enn ein region)
  • Rett til oppflytting til vg2 og vg3 i studieførebuande utdanningsprogram
  • Ordningar for toppidrettsutøvarar og potensielle toppidrettsutøvarar

Vidare handsaming 

Forskrifta er planlagd lagt fram for fylkestinget i Vestland til handsaming juni 2020. 

Alle som ønskjer kan levere høyringsuttale.  

Høyringsfrist: 23.02.2020. Høyringsfristen er absolutt.