Resultat av fylkestingsvalet
Vestland var beste fylke i landet i valdeltaking i fylkestingsvalet 9. september 2019.
Valdeltakinga i Vestland var på 63,7 prosent. Gjennomsnittet ved fylkestingsvalet for heile landet var 60,5 prosent.
Nest beste fylke er Rogaland med 61,2 prosent og Trøndelag på 3. plass med 60,8 prosent. Lågast valdeltaking av fylka har Nordland med 56,1 prosent.
Samanlikner vi valdeltakinga i Vestland med valet i Hordaland og Sogn og Fjordane ved førre val i 2015, er det stor framgang. I Hordaland deltok 57,9 prosent ved fylkestingsvalet i 2015. I Sogn og Fjordane deltok 60,4 prosent. Valdeltakinga ved fylkestingsvalet er noko lågare enn ved kommunevalet. Oslo, som er både kommune og fylke, hadde ei valdeltaking på 67,3 prosent ved valet i år.
65 representantar
I det nye Vestland fylkesting er det 65 representantar. Valresultatet viser at:
- Arbeidarpartiet blir det største partiet med 20,4 prosent av stemmene og 14 mandat. Det utgjer ein tilbakegang på 11,8 prosentpoeng i høve førre fylkestingsval i Hordaland og Sogn og Fjordane.
- Høgre er neststørst med 17,9 prosent og får 12 mandat. Dette er 1,7 prosentpoeng tilbake.
- Senterpartiet er på 3. plass med 15,7 prosent og 10 mandat. Dette er ein framgang på 4,6 prosentpoeng.
- På fjerde plass kjem Folkeaksjonen Nei til mer bompenger med 9,0 prosent og 6 mandat.
- Framstegspartiet er på femte plass med 8,6 prosent og får 6 mandat. Dei går attende med 2,2 prosentpoeng.
- Miljøpartiet De Grønne er på sjette plass med 7,1 prosent, får 5 mandat og går fram 2,0 prosentpoeng.
- Sosialistisk Venstreparti får 6,4 prosent, går fram 1,7 prosentpoeng og får 4 mandat.
- Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent, 3 mandat og går 2,3 prosentpoeng tilbake.
- Venstre får 3,5 prosent, 2 mandat og går tilbake 1,6 prosentpoeng
- Raudt får 3,4 prosent, 2 mandat og går fram 1,9 prosentpoeng
- Pensjonistpartiet får 1,1 prosent, 1 mandat og går fram 0,6 prosentpoeng.
Dei andre seks partia, som stilte til val, får ikkje mandat. Det gjeld Partiet De Kristne 0,8 prosent, Helsepartiet 0,3 prosent, Demokratene 0,3 prosent, Piratpartiet 0,2 prosent, Liberalistene 0,2 prosent og Norges Kommunistiske Parti 0,1 prosent..
I alt var det 494 646 røysteføre i Vestland. Av desse stemte 314 949. Og 116 050 av desse stemte på førehand. 4431 stemmer var blanke og 294 stemmer vart forkasta.