Fylkestingsvalet september

Måndag 11. september 2023 er det val til nytt fylkesting i Vestland. Til fylkestinget skal 65 representantar veljast. Dei som vil stille liste til fylkestingsvalet, må levere listeforslag innan 31. mars kl. 12.00.

For å gjere det enkelt å levere inn listeforslag, er det utvikla ei elektronisk løysing for dette. Den gjer heile prosessen lettare. Der kan du opprette listeforslag, samle inn underskrifter og levere listeforslaget til både fylkestings-, kommunestyre- og stortingsval.

Lever listeforslag elektronisk

Som alternativ kan du også levere listeforslag på papir, men den elektroniske løysinga følgjer same regelverk og fungerer på tilsvarende måte som papirløysinga.

Frist for levering

Alle forslag må vere fremme til fylkeskommunen innan 31. mars kl. 12.00.

Listeforslaga på papir kan leverast i fylkeshusa i Bergen eller på Leikanger.

Avtal gjerne tid for slik levering på førehand. Kontakt Ingeborg Strandberg, epost: ingeborg.strandberg@vlfk.no

Nytt fylkeshus i Bergen

Merk at i Bergen blir nytt fylkeshus teke i bruk torsdag 23. februar. Fram til og med 22. februar kan listeforslag leverast i resepsjonen i fylkeshuset på Sandsli.

På Leikanger skal fylkeshuset pussast opp, men resepsjonen der vil vere open for mottak av listeforslag.

Mottekne listeforslag blir publisert

Listeforslag som er mottekne, vil fortløpande bli publisert på denne nettsida for offentleg ettersyn.

Frist for å tilbakekalle ei liste er torsdag 20. april kl. 12.00.

Skal godkjenne listene innan 1. juni 2023

Innan 1. juni skal fylkesvalstyret godkjenne listene. Dei godkjende listene blir lagt ut på denne sida så fort vedtaket om godkjenning er gjort.

Har du spørsmål eller noko du lurer på, ta kontakt med Ingeborg Strandberg på epost

Meir informasjon om valet hos Valdirektoratet:

Slik stiller du liste til fylkestingsvalet

Krav til listeforslag og fristar

Slik leverer du listeforslag elektronisk

Slik leverer du listeforslag på papir

Slik signerer du på listeforslaget