Fylkestingsvalet 2023
Måndag 11. september 2023 er dagen då vi skal velje nytt fylkesting i Vestland. Førehandsstemminga har alt starta, og varer til og med fredag 8. september.
Du kan førehandsstemme frå 10. august
Førehandsstemminga starta 10. august og varer til 8. september. Du kan stemme på helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan og søkje kommunen din om å få stemme heime.
Førehandsstemminga blir arrangert og lagt til rette av kommunane.
På valdagen kan du berre stemme i kommunen du er busett i.
Kvar enkelt kommune opplyser om kvar og når du kan førehandsstemme.
Valdag 11. september
Valdagen er måndag 11. september. I enkelte kommunar kan du også stemme søndag 10. september.
Kven kan du stemme på?
Vi skal velje både nye fylkesting og nye kommunestyre.
Fylkestinget i Vestland er samansett av 65 representantar. 18 lister er godkjent og lagt ut til offentleg ettersyn.
Fylkesvalstyret godkjente 30. mai listene til fylkestingsvalet til hausten. Det kom inn 23 listeforslag. Fire av dei vart ikkje godkjende, og eitt vart trekt tilbake. Ved valet for fire år sidan vart 17 lister godkjende.
Godkjende lister
Desse 18 listene er godkjent (i alfabetisk rekkefølge):
- Arbeidarpartiet
- Bergenslisten
- Folkestyrelisten
- Folkets Parti
- Fremskrittspartiet
- Høgre
- Industri- og næringspartiet
- Konservativt
- Kristeleg Folkeparti
- Liberalistene
- Miljøpartiet Dei Grøne
- Norgesdemokratene
- Partiet Sentrum
- Pensjonistpartiet
- Raudt
- Senterpartiet
- SV - Sosialistisk Venstreparti
- Venstre
Samla oversikt over alle 18 partilistene og dei som stiller til val (pdf)
Lister som er ikkje godkjende, tilbakekalte, eller har endra namn
Ikkje godkjende
Fire lister vart ikkje godkjende fordi dei ikkje oppfylte krava i vallova. Dei er
- Alliansen – Alternativ for Norge
- Generasjonspartiet
- Innovasjon- og teknologilisten
- Kystpartiet
Årsaka til manglande godkjenning er at partia ikkje greidde å samle nok underskrifter. Det er krav om 500 underskrifter av personar som har røysterett ved valet i Vestland for parti som fekk mindre enn 5000 røyster ved førre stortingsval eller mindre enn 500 røyster i valdistriktet.
Til listeforslaget frå Kystpartiet hadde også det utøvande organet til partiet innvendingar mot listeforslaget.
Tilbakekalt
Eitt listeforslag vart trekt tilbake av listeforslagarane: Det er lista til Folkepartiet.
Endra namn
Til fylkestingsvalet har tre parti endra namn sidan valet for fire år sidan. Det er:
- Demokratene er blitt til Norgesdemokratene
- Folkeaksjonen Nei til meir bompenger er blitt til Folkets parti
- Partiet De Kristne er blitt til Konservativt
Nye parti
Fire nye parti stiller liste ved valet. Det er:
- Bergenslisten
- Folkestyrelisten
- Industri- og næringspartiet
- Partiet Sentrum
Stiller ikkje liste
Tre parti som stilte liste ved valet for fire år sidan, stiller ikkje liste i år. Det er:
- Helsepartiet
- Norges Kommunistiske Parti
- Piratpartiet
Kampanje for fylkestingvalet 2023
Har du fått med deg kampanjen på sosiale medium? Her kan du sjå alle videoane!