Få vlfk-e-post, og sett denne opp på mobil og iPad

Få tilgang til vlfk-e-post, og korleis få e-post på mobil og iPad.

Alle medlemmer og varamedlemmer i fylkestinget skal ha ein VLFK-e-post. Det er denne administrasjonen kan nå dykk på, og som blir lagt ut på nettsidene som kontaktinformasjon.

Her er korleis du får tilgang til e-post:

Du må ha informasjon om brukernamnet ditt, passord og e-postadresse.
Har du ikkje fått dette, kontakt IT-hjelp på 53 00 13 33 eller  hjelp@vlfk.no

Då vil du få oppgitt VLFK-e-postadresse, brukarnamn og aktiveringskode som du må bruke for å sette passord første gang.
Følg denne lenkja for aktivering: https://passord.vlfk.no og velg ikonet «Aktiver brukerkonto» for å sette passord første gang. Sjå vedlegg «Aktivering av konto i VLFK»

E-post på mobil

Før du tek i bruk e-post på mobil, må du ha satt opp to-faktor- autentisering på mobilen din. Sjå to-faktor-autentisering om korleis du gjer dette.

Bruk Microsoft sin Outlook-app, som du kan laste ned frå Google Playstore på android-telefon eller App Store på iPhone.

  • Logg på appen med e-postadressa di
  • Skriv inn passordet ditt
  • Velg "approve" på to-faktor-meldinga som no kjem fram
  • Hopp over det neste steget for å fullføre

E-post på iPad


Sjå vedlegget Veiledning for tilgang på e-post, intranett og HR-portalen for iPad-brukarar