Korleis sende inn forslag i DigDem

DigDem kan du sende inn forslag til saker, eller kladdar. Slik gjer du det.

Kor kan du sende inn forslag?

Det er to stader du kan finne «Nytt forslag»-knappen :

På «førstesida» til saka:

dig1.jpg

På talar- og forslagslista:

dig2.jpg

 

Korleis sende inn eit forslag?

Når saklista ligg inne i DigDem kan du byrje å sende inn forslag, om du ønskjer. Dersom du sendar inn forslag under møtet kan det vere ein fordel å jobbe utanfor «livemodus». Skjemaet der du sendar inn forslag forsvinn dersom møteleiar går vidare i møtet, og du er i «livemodus».

Sjå video om korleis du sendar inn forslag:

 

  • Trykk på "Nytt forslag" og du får fram eit slikt skjema:
dig3.jpg
  • Finn rett type forslag/protokollmerknad:
    • Tilleggsforslag: Når det er eit ekstra punkt, setning, osb, men alt anna er likt som innstillinga.
    • Alternativforslag: Du har eit forslag som vil erstatte innstillinga i si heilheit. Kan og brukast om du berre skal gjere ei endring.
    • Utsetjingsforslag: Om du vil føreslå å utsetje saka til eit seinare møte.
    • Merknad: Om du vil forklare kvifor partiet røystar som det gjer. Marker i tittelen om det er ein «Protokollmerknad» eller ein «Merknad».

  • Skriv tittel på forslaget

  • Skriv forslaget.
    • Maks 4000 ord. Dersom forslaget er på meir enn 4000 ord må du laste opp ein pdf med forslaget.
    • Merk at løysinga ikkje støttar tabellar. Dersom det er tabell i forslaget ditt må du laste opp ein pdf.
  • «På vegner av:» Sett inn dei partia forslaget vert sett fram på vegner av.

  • Desse knappane er ikkje naudsynt å gjere noko med når du skal sende inn forslag:
dig4.jpg

 

  • «Publiser på fylkeskommunen sine nettsider»
    • Dette er ein funksjon som vi ikkje har teke i bruk. Det er ingenting som vert publisert på nettsida, uansett om du hakar av for det eller ikkje.

  • «Gjer forslaget offentleg» Trykk på denne for å sende inn forslaget i DigDem, slik at alle kan sjå det. Merk at du må framleis fremja forslaget ditt frå «talarstolen» for at forslaget skal vere fremja.

  • Du finn att forslaget ditt her:
dig5.jpg

 

  • Trykk på «Vis meir» for å lese forslaget og sjå kven det er på vegner av.
dig6.jpg

 

  • Trykk på «Rediger» om du vil gjere nokre endringar på forslaget. Merk at etter at du har fremja forslaget frå «talarstolen», må eventuelle endringar i forslaget og fremjast frå talarstolen. Avslutt igjen med «Gjer forslaget offentleg», eventuelt kan du endre forslaget til ein kladd. Sjå under for informasjon om å sende inn kladd.
  • Om du vil slette kladden, brukar du knappen «Slett».

Korleis lage, dele og sende inn ein kladd?

Når saklista ligg inne i DigDem kan du byrje å sende inn kladdar, om du ønskjer. Dersom du sendar inn kladd under møtet kan det vere ein fordel å jobbe utanfor «livemodus». Skjemaet der du sendar inn kladdar forsvinn dersom møteleiar går vidare i møtet, og du er i «livemodus».

Sjå video om korleis du lagar, delar og sendar inn ein kladd:


Dei første stega er lik som når du skal sende inn forslag, sjå over. Når du har lagt inn forslagstype, tittel, forslagstekst, eventuelt lagt ved pdf, på vegner, av skal du eventuelt dele ein kladd med andre.

  • «Del forslaget:»
    • Om du skal dele kladden med nokon skriv du det inn her. Du kan rulle ned i rullegardina for å finne personen du skal dele med, eller skrive inn dei første bokstavane i namnet.
    • Om du ikkje ønskjer å dele kladden, lar du dette feltet stå ope.

Skrivetilgang

  • Dersom du ikkje ønskjer at den du deler forslaget med skal kunne redigere i kladden eller sende den inn som forslag, skal du la haka vere der det står "Del uten skrivetilgang".
  • Dersom du ønskjer at den du deler forslaget med skal kunne redigere i kladden eller sende den inn som forslag, skal du ta vekk haka der det står "Del uten skrivetilgang".
  • «Lagre utkast» Trykk på denne knappa for å lagre kladden din, og for å dele den med dei du ønskjer.
  • Du finn att kladden din her:
dig7.jpg


Trykk på «Vis meir» for å lese kladden og sjå kven det er på vegner av.

dig8.jpg


Trykk på «Rediger» om du vil gjere nokre endringar på kladden. Avslutt igjen med «Lagre utkast», eventuelt kan du endre kladden til eit forslag ved å trykke på «Gjer forslaget offentleg».

Om du vil slette kladden, trykk på knappen «Slett».

Sende inn ein kladd som forslag:

  • Trykk på «Vis meir» og «Rediger»
  • Bruk knappen «Gjer forslaget offentleg». Forslaget vert då synleg for alle i løysinga.