Tilskotsordning for by- og stadutvikling

Ved å skapa gode rammer for kvardagslivet i byar og stadar i Vestland kan vi bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Levande stadar, der folk ønskjer å bu, arbeida, driva næring og besøkja, fremjar folkehelse og legg til rette for god arealbruk og miljøvenleg transport. Berekraftsmål nr. 11: Berekraftige byer og samfunn er eit område der regionale og lokale myndigheiter særleg kan påverka. Denne tilskotsordninga skal bidra til kommunane sitt arbeid med å skapa sentrum og nærmiljø som stimulerer til trivsel, aktivitet og møte mellom folk.

Det er for 2020 budsjettert 3 800 000 kroner til denne tilskotsordninga og alle kommunar i Vestland kan søke. Midlane skal nyttast til kommunale prosessar og utviklingsarbeid som stør opp om mål og strategiar i Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur, Sogn og fjordane fylkeskommune og Regional plan for attraktive senter i Hordaland, berekraftsmåla, samt dei overordna måla i utviklingsplan for Vestland som no er under arbeid.

Midlane kan nyttast til: 

  • Sosial berekraft, universell utforming og inkluderande by- og stadutvikling
  • Eit levande sentrum
  • Aktiv og deltakande medverknad
  • Kunnskapsgrunnlag
  • Mellombelse møteplassar

Kven kan søkje

Alle kommunane i Vestland

Søknadsfrist

Søknadane vert handsama to gonger i året. I 2020 vert søknadsfristane 15. mai og 15. september.

Krav til søknaden

Søknad skal registrerast elektronisk på regionalforvaltning.no – lenke til høgre.

Den elektroniske søkjeportalen baserer seg på standard søknadsskjema. Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori for å kunne sende inn søknaden, kan skrivast kort og konsist. Innhaldet kan utdjupast i vedlegg i søknaden.

Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg på regionalforvaltning innan dei to fyrste vekene i april.