Opplev Vestland i sommar, og vinn flotte premiar!

No står sommaren for døra og dette blir tidenes Vestland-sommar! Men kor skal du dra og kva skal du gjere i verdas vakraste fylke? Del ditt Vestland-ferietips og du kan vinne turutstyr!

Via Ferrata Kyrkjeveggen.jpg
Via Ferrata i Etne. Foto: Åkrafjorden Nature B&B

Sankthansaften sparkar fylkesordførar Jon Askeland i gang kampanjen #vestlandsommar2020 på facebook.com/vestlandfylke.

Vi har spurt alle kommunane i fylket om å komme med eigne bilete eller video og forslag til kva vi kan finne på hos seg i sommar. Kvar dag presenterer vi ein av kommunane som er med, på facebooksida vår.

Del og vinn

Kanskje har du sjølv ei skjult perle, aktivitet eller spisestad å anbefale frå «dagens kommune»?

Del tipset ditt i dei daglege kommentarfelta, og du er med i trekninga av heile fem gåvekort på turutstyr til 3000 kr kvar! Kvar dag trekker vi og ut ein vinnar av ei drikkeflaske.

Konkurransevilkår:

Dagspremiar

Postane er merka med #vestlandsommar2020 på Facebook.

Kva måndag trekker vi ut sju dagsvinnarar (ein for kvar dag) blant dei som kommenterer med ferietips på dei ulike kommunane. Dagspremien er ei drikkeflaske.

Fem hovudpremiar

Når kampanjen er over trekker vi ut fem vinnarar blant alle som har kommentert med reisetips. Dess fleire dagar du deltar, dess fleire vinnarsjansar har du.

Hovudpremien er fem gåvekort på 3000 kr pr stk på turutstyr frå ein valfri sports- eller turutstyrsbutikk.

Denne trekninga vil skje i veke 34. 

God sommar!

Med dette vil vi ønskje alle ein riktig god sommar og vi håper at du får mange fine opplevingar i Vestland!

kommunar i vestland.JPG