Mobilitetseininga

Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Mobilitetseininga skal sikre at vedtekne strategiar og tiltak blir sette i verk for å nå dei politiske måla.

Skyss har ansvar for tilbodet i området Hordaland, mens Kringom har ansvaret i Sogn og Fjordane. Prisane, sonene, betalingsløysingane og rutetilbodet er uendra.

Mobilitetseininga skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet og tilby tenester for kombinert mobilitet i Vestland. Hovudoppgåvene er å:

  • planlegge linjenett og rutetilbod
  • planlegge skuleruter og koordinere skuleskyss
  • ta ansvar for informasjon og marknadsføring av tilbodet
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer i Vestland gjennom anbodskonkurransar
  • gi kundeservice og ruteopplysning
  • vere eit samlande kompetanseorgan for kollektivtrafikk i fylket
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester som t.d. bysyklar i Skyss Reise-appen

I 2020 skal vi arbeide med integrerte og felles løysingar for kundane i heile det nye fylket. Til dømes blir det jobba med felles nettside, utvikling og harmonisering av kjøpskanalar og reiseplanleggar. Vi vil også arbeide med å samordne og utvikle det samla rutetilbodet og prisstrukturen i Vestland.