Avdeling for opplæring og kompetanse

Inkedopplærling og kompetanse_LI.jpg

 

Avdelinga har ansvar for å:

  • tilby vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne i Vestland
  • gi eit godt og fylkesdekkande fagskuletilbod
  • samarbeide med arbeids- og næringsliv for å skaffe læreplassar
  • sikre elevar og lærlingar ei tilpassa opplæring ut frå den enkelte sitt behov
  • utvikle og støtte dei vidaregåande skulane i rolla som samfunnsutviklar
  • sikre og utvikle kompetansen til lærarar og instruktørar.

 

Bjørn Lyngedal

Fylkesdirektør avdeling opplæring og kompetanse

 

Avdelingar og einingar:

Leiar: Øivind Høines

Når du søker skuleplass eller skal ut i lære, er det denne seksjonene som handterer oppgåva. Seksjonen administrerer eksamen og fag-/sveineprøver og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.

Seksjonen har òg ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor.

Leiar: Kenth Rune Teigen Måren

Seksjonen arbeider med kvalitetsutvikling av den vidaregåande opplæringa i fylket.

Arbeidet inngår i eit kvalitetssystem som skal sikre og utvikle kvalitet i opplæringa for alle som har rett til vidaregåande opplæring.

Seksjonen har òg ansvar for overordna forvalting og koordinering for mellom anna institusjonsopplæring, pedagogisk psykologisk teneste, tilpassa opplæring og spesialundervisning, oppfølgingsteneste, pedagogisk bruk av IKT og kompetanseutvikling i sektoren.

Leiar: Linda Farestveit

Seksjon kompetanse skal legge til rette for god dialog rundt opplæringssektoren si rolle i det fylkeskommunale arbeidet med regional kompetanseutvikling.

Til dette oppdraget ligg mellom anna at:

Vi skal dimensjonere opplæringstilbodet for ungdom og vaksne. Eit mål er å sikre eit likeverdig og berekraftig opplæringstilbod som svarar på arbeidslivet sine behov.

Vi skal legge til rette for utvikling av opplæringstilbod, særskilt retta mot unge og vaksne innvandrarar med kort butid. 

Vi skal bidra til eit heilskapeleg system for karriererettleiing i fylket.

Vi lager også statistikk og analyse for opplæringssektoren.

Leiar: Birthe Andersen Haugen

Staben har oppgåva med å samordne avdelinga sitt arbeid kring økonomi, innkjøp, IKT, skuleskyss, og informasjonsarbeid.

Staben er politisk sekretariat for utval for opplæring og kompetanse, og har ansvar for økonomihandtering og juridisk retteliing i avdelinga.

Staben har òg oppgåva med å følge opp tilsyn og forvaltningsrevisjon. HR, personalrådgiving og arbeid med pedagogiske bygg er lagt til staben.

Rettleingstenesta er ei ny og brukarnær teneste innanfor vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. 

Tenesta som skal gi ungdom og vaksne tilgang til aktuelle fagtenester i sine læringsmiljø.

Tenesta omfattar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) , oppfølgingstenesta (OT), oppfølging av lærlingar og lærebedrifter og rettleiing i vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta skal samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter.

I Vestland fylkeskommune er det 45 vidaregåande skular som er delte inn i fire område. Skulane vert følgde opp av ein områdeleiar.

Områdeleiarane vil ha ansvar for heile den vidaregåande opplæringa i sitt område, og for å kjenne skulane, lokalsamfunna og arbeidslivet.

Oversikt over alle skulene