Avdeling for strategisk utvikling og digitalisering

strategisk utv og digi.jpg


Fylkesdirektør: Paal Fosdal.

Avdeling for strategisk utvikling og digitalisering skal:

  • styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar
  • samordne aktiviteten fylkeskommunen har overfor kommunar og eksterne aktørar
  • leie fylkeskommunen sitt arbeid med regional planstrategi og etablering av sentrale arbeidsarenaer
  • samordne den interne aktiviteten i fylkeskommunen gjennom sektorovergripande prosessar, utstrekt bruk av prosjektarbeidsforma og samhandling på tvers av organisasjonseiningar
  • ta ei leiande rolle i arbeidet med digitalisering

Paal Fosdal

Fylkesdirektør strategisk utvikling og digitalisering


Avdelinga har seks seksjonar:

Seksjonsleiar: Svein Dyrrdal

Seksjon IKT har ansvar for lokal drift av dei fleste IKT-systema i fylkeskommunen, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonar.

Det er i dag rundt rekna 150 ulike IKT-system pluss det som fylgjer med som del av oppgåveoverføringar frå Statens vegvesen. Brukarane er spreidd på fleire titals stader rundt om i fylket.

Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre og bidra at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring og at dei gjennom det understør brukarane og verksemda sitt behov.

Seksjonen har 80 medarbeidarar og 35 IKT-lærlingar, og er frå 1. januar organisert i fire faggrupper: ei faggruppe for service, ei for tenesteleveranse, ei for systemdrift og ei for kjernedrift.

Seksjonsleiar: Tom Sølve Myklebust

Seksjonen skal sørge for at fylkeskommunen jobbar med digitalisering på ein einsarta, koordinert og strategisk måte.

Vi skal jobbe med digitalisering gjennom fornying, forenkling og forbetring på ein slik måte at vi effektiviserer prosessar, og utnyttar ressursane i fylkeskommunen på ein meir hensiktsmessig måte.

Dette skal føre til enklare og betre tenester for både publikum og tilsette.

Seksjonsleiar: Stian Skår Ludvigsen

Seksjon for statistikk, kart og analyse skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør. Seksjonen skal òg bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.

Seksjonen har ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen er kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og mange oppdragsbaserte analysar og rapportar.

Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk og analyse.

Seksjonsleiar: Synnøve Stalheim

Seksjonen plan, klima og folkehelse skal bidra i arbeidet med å styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar, og samordne aktiviteten fylkeskommunen har overfor kommunar og eksterne aktørar.

Seksjonen bidreg sterkt i arbeidet med regional planstrategi og etablering av sentrale samarbeidsarenaer, og samordne den interne aktiviteten fylkeskommunen har gjennom sektor-overgripande prosessar.

Leiar: Fylkestannlege Lathamini Murugesh.

Vestland tannhelseteneste skal gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til:

  • alle barn og unge til og med det året dei fyller 20 år
  • personar med psykisk utviklingshemming i og utanfor institusjon
  • eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon eller i heimesjukepleie
  • personar innan kommunal rusomsorg og innsette i fengsel

Vestland tannhelseteneste har om lag 550 tilsette fordelt på 60 tannklinikkar. Vestland tannhelseteneste driv og eit regionalt kompetansesenter – TkVestland – som tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking.

Tannhelsetenesta skal fremme tannhelsa i heile befolkninga. Tenesta skal ved å prioritere førebyggjande tiltak bidra til god folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Seksjonsleiar: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem

Seksjonen stab har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR og rekruttering, økonomi og budsjett, beredskap og IKT-sikkerheit.