Avdeling for organisasjon og økonomi

Organisasjons- og økonomiavdelinga skal levere gode fellestenester og sikre forsvarleg drift av Vestland fylkeskommune. Det inneber å drive sentrale service-, støtte- og fellesfunksjonar i organisasjonen, i tillegg til å utarbeide informasjon
og kunnskapsgrunnlag som medverkar til toppleiinga og lineorganisasjonen sine avgjerder.

Ansvaret for organisasjonsutviklinga i fylkeskommunen ligg også under denne avdelinga, i tillegg til å sørge for at det er effektive, velfungerande og gode støttesystem på plass.

Samla har avdelinga knapt 440 årsverk, der rundt 336
arbeider innan eigedom og 104 innan dei andre fagområda. 

Avdelinga er leia av avdelingsdirektør Ingrid Holm Svendsen. 

Oversikt og kontaktinfo til dei tilsette i avdelinga.

Seksjon for juridiske tenester har ansvar for oppfølging av fylkeskommunen sin eigarskap i ulike typar selskap, inkludert utarbeiding av ei årleg eigarskapsmelding. Seksjonen førebur også saker om val til eksterne organ, m.a. selskap, råd og stiftingar.

I tillegg yter seksjonen juridisk støtte til alle einingane i fylkeskommunen i ulike typar saker og held oversikt over rettstvistar fylkeskommunen til ei kvar tid er involvert i.

Sekretariatet for varslingsutvalet ligg til seksjonen. Personvernombod, mobbeombod og elev- og lærlingombod høyrer også inn under seksjonen sine ansvarsområde.

Svein Hågård er leiar for seksjonen.

Politisk sekretariat har ansvar for førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i folkevalde organ. Sekretariatet har også ansvar for å førebu og ivareta fylkeskommunen sine oppgåver ved gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval.

Seksjonen har ved Dokumentsenter det faglege ansvar for arkivdanninga i Vestland fylkeskommune samt ansvar for dokumentasjon/arkiv skapt av fylkesadministrasjonen. Seksjonen er systemeigar for saks- og arkivsystemet og har
ansvar for sentralt postmottak og spørsmål om innsyn.

Bertil Søfteland er leiar for seksjonen.

Seksjon økonomi arbeider med budsjett og rekneskap. Seksjonen har ansvar for sakshandsaming av økonomisaker til politiske organ, der budsjettarbeidet peikar seg særleg ut. Rekneskapsføring og utarbeiding av fylkeskommunen sin rekneskap er ei sentral arbeidsoppgåve.

Rapportering av den økonomiske situasjonen gjennom året ligg også til
seksjonen sitt ansvarsområde. Andre arbeidsoppgåver er likviditetsstyring og finansiering av investeringar gjennom låneopptak. Seksjonen står også for forvaltinga av fylkeskommunen si konsesjonskraft.

Nils Vetlesand er leiar for seksjonen.

HR-seksjonen er ein strategisk partnar for den administrative leiinga i fylkeskommunen, og bidreg til å utvikle engasjerte medarbeidarar og ein framtidsretta kunnskapsorganisasjon.

HR skal syte for at Vestland fylkeskommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar. Seksjonen har utstrekt samarbeid med fylkeshovudverneombodet og dei hovudtillitsvalde. HR har oppgåver innan personalforvaltning, HMS og kvalitetsarbeid, løn samt kompetanse-, organisasjons- og leiarutvikling.

Hilde Withammer er leiar for seksjonen.

Kommunikasjonsseksjonen har ansvar for drift og innhald på Vestland fylkeskommune sine digitale flater og kanalar.

Målgruppa er folkevalde, kommunetilsette, brukarane av tenestene våre og innbyggjarar generelt. Ei viktig oppgåve er å formidle vedtak frå dei politiske møta.

Kommunikasjonsseksjonen har òg ansvar for intern kommunikasjon og legg til rette for bruk av nye digitale kommunikasjonsflater. Tilsette ved seksjonen hjelper  avdelingane i deira arbeid på nettsidene, med kampanjar eller merksemd
i sosiale media.

Alt arbeid knytt til bruk av den grafiske profilen ligg til seksjonen. Det gjer òg ansvaret for førstelinjetenesta, med sentralbord og resepsjon på fylkeshusa i Bergen
og Leikanger.

Hilde Joranger Mæland er leiar for seksjonen.

Innkjøpsseksjonen har ansvar for å leggje til rette for gode innkjøpsprosessar og sikre godt samarbeid mellom dei ulike innkjøpsmiljøa i Vestland fylkeskommune.

Innkjøpsseksjonen skal syte for at styringssystem for Kvalitet og HMS er oppdatert med godkjente prosedyrar og malar for konkurransegjennomføring og for handtering av bestillingar og faktura.

Alle kjøp er underlagt offentleg lov- og regelverk samt interne fylkeskommunale retningsliner og skal gjennomførast ved hjelp av gjeldande innkjøps- og konkurransestyringsverktøy.

Viktige hovudmål som innkjøpsseksjonen skal arbeide for å oppnå gjennom fylkeskommunens sine innkjøp er knytt til miljø og berekraft, samfunnsansvar, lønns- og arbeidsvilkår, innovasjon, integritet, kostnadseffektive kjøp, kontraktsoppfølging og leverandørutvikling.

Trond Amundsen er leiar for seksjonen.

Avdelinga har ansvar knytt til forvaltning og drift av alle fylkeskommunale eigedommar. Mellom anna inneber dette vedlikehald, energi, kommunale avgifter og reinhald for skulesektoren og for tannhelse. Avdelinga har også ansvar for drift og fellestenester på administrasjonslokale. I tillegg til dette har avdelinga fått ansvar for fiskerihamner i Vestland.

Jostein Fjærestad er eigedomsdirektør.