Avdeling for mobilitet og kollektivtransport

mobilitet og kollektiv.jpg


Fylkesdirektør: Håkon Rasmussen

Avdeling for mobilitet og kollektivtransport skal syte for at kollektivtilbodet i Vestland vert drifta på ei effektiv og god måte, slik at innbyggjarane får dekt sine reiseønskjer så godt som råd er.

I byområda er kollektivtrafikken viktig som alternativ til bil. Det vil i åra som kjem skje stor utvikling på samferdselsområdet, med vekt på elektrifisering, automatisering, nye tenester og nye aktørar.

Håkon Rasmussen

Fylkesdirektør mobilitet og kollektiv

 

Avdelinga har desse seksjonane:

Seksjonsleiar: Torill Klinker.

Sesjonen skal sikre strategisk retning på regionalt planarbeid og bidra til heilskapleg satsing på berekraftig mobilitet. Dei skal òg koordinere det regionale arbeidet med byvekstavtale for bergensområdet og bidra aktivt inn i Miljøløftet sin organisasjon.

Seksjonsleiar: Oddmund Sylta

Seksjonen har ansvar for at strategi for mobilitets- og kollektivområdet blir utvikla og iverksett, og at det blir utvikla faglege premiss for eiarstyringen av verksemde med nær tilknytning til fagavdelinga.

Seksjonsleiar: Janne Dokken

Seksjonen skal utvikle eit robust drosjetilbod i heile fylket, og syte for god og effektiv forvaltning av midlane til transportordninga for personar med nedsett funksjonsevne.

Stabsleiar: Rolf Rosenlund

Staben skal syte for støtte til direktøren.

Staben skal òg sikre korrekt saksbehandling, gode prosessar, raskt følgje opp politiske saker og spørsmål, og ha ansvar for sektorovergripande oppgåver.