Avdeling for innovasjon og næringsutvikling

Avd for innovasjon og næringsutvikling-feb20.jpg


Avdelinga skal bidra til:

  • berekraftig omstilling i næringslivet – sikre grøn vekst gjennom det grøne skiftet
  • produksjon av fornybar energi, god infrastruktur og energiomstilling frå fossil energi til fornybar energi
  • nye arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke
  • nyskaping og nytt næringsliv som bygger på eksisterande industri og næringar som i dag har fortrinn på Vestlandet
  • verdiskaping i byar og regionar og fremje berekraftig forvaltning av naturressursane våre, både i havet og på land
  • synleggjering av fiskeriressursar, landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt
  • innovasjon i næringslivet og offentleg sektor, ut frå kompetanse og forsking
  • strategisk arbeid saman med kommunar, næringsaktørar og regionar til beste for befolkning, sysselsetting, infrastruktur, næringsareal og økonomisk utvikling i dei viktigaste bransjane
  • nærings- og lokalsamfunnsutvikling, som også femnar om breiband og teknologiske løysingar

 

Bård Sandal

Fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling


Avdelinga har fire seksjonar:

Leiar: Mette Nora Sætre

Seksjon for verdiskaping i byar og regionar skal arbeide med å utvikle byane og dei regionale sentra som motorar for verdiskaping og utvikling i heile fylket.

Seksjonen har hovudansvaret for arbeidet med ny regional planlegging for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke.

Seksjonen har ansvar for å samordne og sjå heilskap i alle verkemiddel under innovasjon og næringsutvikling. Samarbeid mellom ulike fagområde, og med eksterne partnarar vil vere sentralt i dette arbeidet.

Leiar: Endre Høgalmen

Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv skal utvikle lokalsamfunna, samtidig som vi sikrar ei balansert og god utnytting av naturressursane våre.

Seksjonen skal arbeide med å utvikle landbruk og skogbruk som næring. i tett samarbeid med andre organisasjonar og næringene. Vi skal arbeide for å styrke verdiskapinga i reiselivet, samstundes som vi bidreg med å legge til rette for at samfunna våre og naturen skal kunne ta i mot nye besøkande på ein god og klimavenleg måte.

Seksjonen skal legge til rette for auka verdiskaping innan fiskeri og havbruk, og ei god forvaltning av marine ressursar, vatnressursar, vilt og mineralar.

Seksjonen skal legge til rette for næringsverksemd i bygder og distrikt. I dette ligg også arbeid med lokalsamfunnsutvikling og omstillingsarbeid i kommunar med særskilde utfordringar.

Leiar: Kathrin Jakobsen

Seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering skal arbeide med kunnskap og kompetanse knytt til omstilling, innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke.

Seksjonen skal mobilisere til forskingsbasert innovasjon gjennom auka bruk av nasjonale og regionale finansieringsordningar både i privat og offentleg sektor og tettare samarbeid om forskingsaktivitetar. 

Seksjonen skal koordinere arbeidet med å kartlegge næringslivet sitt behov for arbeidskraft i framtida og sikre at utdanningstilbodet på alle nivå treff i forhold til dette.

Gjennom høg kompetanse på EU sin politikk og verkemidlar skal seksjonen mobilisere kommunar, næringsliv og frivillig sektor til deltaking i EU-programma.

Leiar: Sølve Dag Sondbø

Seksjon for grøn vekst, klima og energi skal ha hovudansvar for fylkeskommunen sitt arbeid innan energi.

På feltet fornybar og grøn konkurransekraft skal seksjonen sikre bygging av ny kunnskap, løfte fram nye næringar og ny verdiskaping, sirkulærøkonomi, utvikle regionale satsingar og gje fagleg rettleiing.

Seksjonen skal arbeide for omstilling og fornybarsatsing i arbeids- og næringsliv, mobilisere til nye regionale satsingar, omstilling i næringslivet for å nå FN sine klimamål, og utvikle tilskot til klimaretta tiltak i næringslivet.

Seksjonen skal elles arbeide med olje- og gassindustrien, kraftsystem, biogass, nye energiformer og teknologi i transport – elektrifisering, hurtigladetilbod, utvikle verdikjede knytt til hydrogen som kjelde.

Stabsseksjonen skal leggje til rette for at dei øvrige seksjonane i avdelinga løyser oppgåvene sine best mogleg fagleg. Hovudoppgåvene er knytt til funksjonar innan økonomi og innkjøp, HR, kommunikasjon og arkiv.

Stabsleiar: Ingrid Birkelund

Fagdirektør ekstern strategisk kontakt: Jan Heggheim