Den historiske vegen til Vestland

På 800-talet var vi tre småkongedøme i eit vikingland: Sygnafylke, Firdafylke og Hordafylke.

Frå 900-talet vart vi del av det mektige Gulatinget. På 1500-talet vart vi innlemma i det som vart kalla Bergenhus len og seinare Bergenhus amt.

I 1763 fekk vi søndre og nordre Bergenhus amt og i 1919 fekk vi attende dei gamle fylkesnamna Hordaland og Sogn og Fjordane. 

1. januar 2020 vart det igjen skapt historie på Vestlandet. Sogn og Fjordane fylke og Hordaland fylke gjekk saman om å danne Vestland fylke.

Bakgrunn for samanslåinga

I 2017 vedtok Stortinget ein regionreform som inneber at Noreg frå 2020 skulle ha 11 fylke i staden for 19. Fylkesinndelinga skal leggje til rette for ei styrka rolle som samfunnsutviklar for fylkeskommunen.

Namnet Vestland og fylkesvåpenet

Stortinget vedtok 7. juni 2018 at det nye fylket skal heite Vestland fylkeskommune. Dette er i tråd med ønska frå Hordaland og Sogn og Fjordane, som begge gjekk inn for dette namnet.

Fylkesvåpenet vart vedteke i fylkestinget i Sogn og Fjordane 5. juni og i Hordaland 13. juni.

15. oktober 2019 blei det første fylkestinget for Vestland konstituert, med Jon Askeland (Sp) som fylkets første fylkesordførar og Nathalia Golis (MDG) som fylkesvaraordførar.