Fakta om Vestland

Dette visste du kanskje ikkje om fylkeskommunen din?

Visste du at Vestland fylke...

  • har om lag 641 292 innbyggarar (per 31.12.21)?
  • er 34 000 km2?
  • er det femte største fylket i landet?
  • har til saman 5547 km fylkesveg?
  • har over 21 000 elevar i vidaregåande opplæring?
  • har 43 vidaregåande skular?
  • har 54 tannklinikkar?
  • har over 6000 tilsette og er ein av dei største arbeidsplassane i fylket?

  • Tre amt har tidlegare (1831–1907) utgjort Vestland fylke: Bergen, Nordre Bergenhus og Søndre Bergenhus.
  • Vestland grensar til fem andre fylke: Møre og Romsdal, Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark, Rogaland.

Kommunalt

  • Vestland har 43 kommunar per 1.1.2020
  • Alle kommunane har kystlinje
  • Vi har Noregs vestlegaste by – Florø...
  • ...og Noregs nest største by – Bergen
  • Vi har den einaste kommunen i landet som folk kjem til å tru er oppkalla etter eit ølmerke – Kinn
  • Vi har òg den einaste kommunen i landet som ikkje heng fysisk saman og har ein annan kommune (Bremanger) mellom seg – Kinn (igjen!)

Samferdsle

  • Vi har nærmare 450 fylkesvegprosjekt
  • 278 tunnelar (2019)
  • 1988 bruer (2019)
  • Vi ha 30 ferjesamband...
  • ... og det tredje mest trafikkerte ferjesambandet i landet: Halhjem–Sandvikvåg

Kultur og idrett - Vestland har...

  • 35 aviser
  • sju stavkyrkjer
  • den minste stavkyrkja i Skandinavia, som framleis er i bruk: Undredal stavkyrkje med 40 sitjeplassar
  • 36 bybrannar i Bergen mellom 1170 og 1955
  • fem (seks om vi reknar med Röyksopp) artistar som har blitt Årets spellemann: Sissel Kyrkjebø, Jan Eggum (som del av Gitarkameratene), Herborg Kråkevik, Kygo og Alan Walker
  • som einaste fylke oppfostra både gamal og ny gitarkamerat – Jan Eggum og Kurt Nilsen
  • ni bunadar: bergensbunad, fanabunad, hardangerbunad, nordhordlandsbunad, sunnhordlandsbunad, vossabunad, sognebunad, sunnfjordsbunad, nordfjordsbunad
  • tre stadar på Unesco-lista over verdas kultur- og naturarv: Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje i Luster og Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden
  • to stader kan du stå på ski om sommaren: på Folgefonn sommerskisenter og Stryn sommarskisenter
  • den einaste norske fotballspelaren som har vunne cupgull med fire ulike klubbar: Elise Thorsnes frå Leikanger i Sogn. Ho har vunne gull med Lillestrøm (i år), Røa, Stabæk og Avaldsnes

Geografi -Vestland fylke har...

  • det tredje høgste fjellet i landet, Store Skagastølstind – også kalla Storen. Det er del av fjellkjeda Hurrungane i Jotunheimen og er 2405 meter høgt
  • den lengste og djupaste fjorden i Noreg, Sognefjorden, som er 205 km lang og 1303 på det djupaste
  • det største høgfjellsplatået i Europa – Hardangervidda
  • den største nasjonalparken i Norden – Hardangervidda
  • til saman seks nasjonalparkar (enkelte deler vi med andre fylke): Jotunheimen, Breheimen, Hallingskarvet, Hardangervidda, Folgefonna, Jostedalsbreen
  • den høgast liggjande turisthytta i landet. Ho ligg på toppen av Fanaråken i Jotunheimen og har 34 sengeplassar
  • den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet med maksimal djupn på 514 meter
  • det lengste skitrekket i landet. Det er 2 km langt og ligg på Sogn Skisenter på Hafslo i Luster kommune
  • den største breen i landet – Jostedalsbreen – og den tredje største breen i landet – Søndre Folgefonna
  • den neste høgste fossen i Noreg og Europa, Balåifossen i Ulvik. Total fallhøgd er 850 meter.

Siste fun fact

Det tek 9,5 timar (raskaste veg iflg. Google) å køyre frå krysset E39/FV1 heilt sør i Sveio til ytst ute på Stadlandet.

Sida er oppdatert 9. desember 2022.