Fylkeskommunens sine ansvarsområde

Vestland fylke har mange ulike ansvarsområde. Her er nokre av dei viktigaste.

Vidaregåande opplæring

Vestland får meir enn 20 000 elevar i vidaregåande opplæring. Dei fleste går på ein av dei 46 vidaregåande skulane til fylkeskommunen. Mange elevar har rett på skuleskyss, som òg blir  levert av fylkeskommunen. I tillegg til elevane kjem 6500 lærlingar, og vi har rundt 2600 lærebedrifter som tar ansvaret for opplæringa av desse. Vi gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle.

Tannhelse

Vestland har 57 tannklinikkar som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid. Vi gir gratis tannbehandling til barn, unge og prioriterte grupper. Målet er null hull.

Kultur

Vi skal legge til rette for godt kulturliv i heile Vestland.  Fylkeskommunen syt for eit variert tilbod innan bibliotek, film, musikk, scenekunst og visuell kunst. Eitt av måla er å tilby engasjerande opplevingar for alle.

Samferdsel

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og vedlikehald av fylkesvegar. Med det nye fylket overtek vi fleire oppgåver frå Statens vegvesen. Vi skal fortsette å legge til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. Slik når vi òg klimamåla vi har forplikta oss til.

Næringsutvikling

Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Vestland. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

Klima og miljø

Vi planlegg for framtida for å redusere klimagassutslepp i Vestland. Fylkeskommunen legg mellom anna til rette for å bygge ladeplassar for bil og båt. Vi bidrar til forsking på miljø, klima og fornybar energi. Saman med kommunar, næringsliv og organisasjonar skal vi oppnå felles klimamål.