Støttetelefon for ungdom

Er du einsam eller har det vanskeleg grunna pandemien? Ring og snakk anonymt med ein psykologistudent.

Støttetelefonen er eit tiltak for psykisk helse for unge. Du kan ringe og prate med nokon på kvardagar mellom klokka 14.00 og 21.30. 

Ring 51207121.

Du kan vere anonym. Vi kan ikkje sjå kven du er eller kva for et nummer du ringer frå.

Kva kan du prate om?

Du kan prate om korleis du har det, få svar på spørsmål om du har det, eller få råd og rettleiing.

Kven får du prate med?

Psykologistudentar frå Universitetet i Bergen, som er i sluttfasa av studiet betjener telefonen. Psykologteamet frå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen gir fagleg støtte til studentane. 

Kva om du treng videre oppfølging?

Dersom du treng hjelp som inneber vidare oppfølging, treng vi samtykke til dette. Merk at du då ikkje lenger kan vere anonym.

Kvifor gjer vi dette?

Tenesta er eit lågterskeltilbod for ungdom på omlag 16 til 21 år som er i vidaregåande opplæringÅrsaka er at det er ei markant auke av elevar og lærlinger som sliter psykisk, meir enn behandlingsapparatet rettleiingstenesta klarer å handtere.