Dette er det nye fylkeshuset

Fylkeshuset i Bergen vil vere innflyttingsklart i starten av 2023. Det blir eit topp moderne, berekraftig, fleksibelt og ope hus.

Fylkeshuset sett frå Bystasjonen (aust).
Fylkeshuset sett frå Bystasjonen (aust).

På tomta til det gamle fylkeshuset til Hordaland fylkeskommune vil Vestland fylkeskommune sitt splitter nye og topp moderne bygg reise seg. Grunnsteinen blei lagt 24. mars 2021.

Søndre tårn blir arbeidsplassen til om lag 700 tilsette i fylkesadministrasjonen, Skyss og heiltidsfylkespolitikarar. Dei skal etter planen flytte inn i februar 2023.

Dei sju øvste etasjane i nordre tårn skal leigast ut. 

Måla for fylkeshuset

Dei overordna måla for det nye fylkeshuset er

  • fleksibilitet
  • betre arbeidsmiljø og helseeffektar
  • auka samhandling og samarbeid internt

Målet er eit nytt, moderne kontorbygg med totalt bruksareal på 27 000 m2.  Fylkeskommunen vil nytte knapt halvparten av nettoarealet, medan resten vil bli leigd ut til ein eller fleire eksterne aktørar. Det er vedteke at fylkeskommunen skal ha eit aktivitetsbasert arbeidsplasskonsept. 

Tilgjengeleg for alle – eit ope og demokratisk bygg

Fylkeshuset skal vere universelt utforma og tilgjengeleg for alle. Tanken er at bygget skal vere eit symbol på opne, demokratiske prosessar og ein inkluderande og viktig møteplass, som profilerer fylkeskommunen som politisk forvaltingsnivå og bidreg til dialog med innbyggjarane i fylket.

NSW Arkitektur, HUS og Arkitektgruppen Cubus, med utbyggjar LAB og interiørarkitekt IARK vann konkurransen om å få bygge det nye huset og konseptet. 

Vestland fylkeskommune ønskjer ein arkitektur som viser fram mangfaldet i organisasjonen. Vi søkjer fleksible og attraktive løysingar for arbeidsplassar og politiske og sosiale arenaer som innbyr til arbeidsglede, samarbeid, fellesskap, effektivitet, nyskaping, refleksjon, openheit og tryggleik.

I hjartet av bygget, mellom dei to tårna finn vi fylkestingssalen, med publikumsgalleri. Med opne flater og gjennomsyn, kan du som står ute sjå inn til politikarane som representerer deg, og dei kan sjå ut på befolkinga som dei representerer. 

Milepålar

  • Grunnsteinsnedlegging24mars 2021 av fylkesordførar Jon Askeland 
  • Tett hus: i løpet av 2021 
  • Ferdig bygg klart for testing: siste halvdel november 2022 
  • Overlevering til byggherre: årsskiftet 2022/2023 
  • Innflytting og opning: februar 2023 

Kven bygger?

  • Arkitekt: NSW Arkitektur, HUS og Arkitektgruppen Cubus 
  • Utbygger: LAB 
  • Interiørarkitekt: IARK 

Pris

950 millionar kroner.

  • Adresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen 
  • Etasjar13 i Søndre tårn og 11 i Nordre tårn 
  • Høgde over bakken:
    • Søndre tårn S: 51,1 meter (kote 54,4)
    • Nordre tårn N: 43 meter (kote 46,3) 
  • Høgde totalt frå botnen av gropa og til høgste punkt: 57,4 meter 
  • Areal totalt i heile fylkeshusetBTA: 26 249,3 m2 
  • Areal per etasje: Varierer: 1etasje: 1900 m2, 4etasje: 2377 m2, 9etasje: 877 m2 + 925 m2. 
  • Tal kvadrat kontoretasjar per tårn: Det varierer litt, men ca. 880 m2 i Nordre tårn og 925 m2 i Søndre tårn 

Fasilitetar

  • To hagar, i 5. etasje tilgjengelege for tilhøyrarar i fylkestingssalen  og ein i 7. etasje tilgjengeleg for tilsette og leigetakarar.
  • Penrosetrappen og terrasse tilknytt kantina 3. etasje er tilgjengelege for alle som har tilgang til fylkeshuset 
  • I Søndre tårn skal om lag 700 tilsette i fylkesadministrasjon i Vestland fylkeskommune, inkludert Skyss  og heiltids fylkespolitikarar jobbe. 
  • Nordre tårn skal leigast ut.
  • Kontorplassar650 kontorplassar for tilsette i Vestland fylkeskommune og 500 kontorplassar i utleigedelen 
  • Type kontorlandskap: aktivitetsbasert.
  • Felles møteromsområde med 31 møterom i ein møteromspool for begge tårna 4. etasje.
  • Kantine med 420 plassar + terrasse under tak for tilsette og leigetakarar. 
  • Trening: Apparatrom på 97,2 m2. Treningssal på 128,6 m2. 

Parkering og garderober

  • Parkeringsplassar: 34 plassar som blir fordelte mellom Vestland fylkeskommune og leigetakarane. Det kjem eit eit parkeringssystem som tar tre bilar i høgda. For fylkeskommunen er plassane reserverte for service- og tenestebilar 
  • Sykkelparkeringsplassar250 for tilsette i heile fylkeshuset, pluss 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar50 plassar efor el-sykkelDet kjem i tillegg nokre sykkelstativ på fortau.
  • Garderobe for anleggsklede, ca 280–300 skåp.  
  • Garderobar (200 skåp) for syklande/løpande og liknande 
  • Skap for hjelm/batteri til el-syklar. 
  • Garderober tilknytt trening på plan 2. Garderobar for yttertøy og personlege skåp i heimeområda i tårna.  

Anna

  • Heisar: Seks heisar. Tre i kvart tårn og ein publikumsheis frå U1 som er øvste kjellaretasje, der sykkelparkering for gjester er til plan 5, som er tilkomst til publikumsgalleri i fylkestingssalen. 
  • Det er tre klokker på fylkeshuset: to øvst på søndre tårn – ei vendt mot sør og ei mot aust – og ei klokke på nordre tårn mot nord.

Nordre tårn i fylkeshuset har 6060 m2 fordelt på sju etasjar (5.11.)  til permanent utleige. Her er plass til om lag 500 arbeidstakarar totalt.

Leigetakar får tilgang til fellesareal og fasilitetar:

  • 1. etasje med vrimleareal, resepsjon, næringslokale og spisestadVrimleareal, resepsjon er på ca. 1750 m2.  
  • Hage i 7. etasje.
  • Kantine og terrasse saman med resten av dei som har arbeidsplass i fylkeshuset.
  • Møtepool med 31 møterom, 2 utvalssalar og fylkestingssal, som også kan bli brukt til møterom/konferansar/arrangement.
  • Sykkelparkering 
  • Garderoba 

Interessert? Ta kontakt!

  • Eiga nettside med meir info om leigemoglegheitane blir klare i april.

På gateplan i 1. etasje har vi fire næringslokale ledige. 

  • Lokale nr. 1: 114 m2. 
  • Lokale nr. 2: 67 m2.  
  • Lokale nr. 3: 74 m2.  
  • Lokale nr. 4: 190 m2 + uteareal + co-working på 130 m2 tilknytt kafé. Lokale 4 er tiltenkt kaféverksemd og har kjøken.

Interessert? Ta kontakt!