Krev meir pengar til og betre vilkår for fartøyvernsentera

Fylkesutvalet meiner staten må sikre Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og dei nasjonale fartøyvernsentera ei føreseieleg finansiering.

Fartøyet MK Sjøgutt som blir sjøsatt ved Hardanger fartøyvernsenter.
FREDA FARTØY: Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter her i landet. No krev fylkesutvalet at staten kjem på bana og gir sentera både meir pengar og betre rammevilkår. Bildet syner det verna fartøyet MK Sjøgutt på slipp ved Hardanger fartøyvernsenter. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

– Vi er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy, så her må vi på bana for å sikre at vi tek vare på denne viktige delen av kulturarven vår på best mogleg vis, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Fylkesutvalet vedtok i møtet 18. februar å slutte seg til eit opprop frå andre fylkeskommunar med nasjonale fartøyvernsenter. Fylkeskommunane meiner dagens prosjektbaserte finansiering ikkje gjev fartøyvernsentera tilstrekkeleg føreseielege rammer for å utføre samfunnsoppdraget. 

For lite føreseieleg i dag

Fartøyvernsentera er i dag hovudsakleg finansierte gjennom tilskotsordningar over statsbudsjettet. Ordningane er primært prosjektbaserte, og fartøyvernsentera må søkje om tilskot år for år.  

– Det gir for dårlege rammevilkår for dette viktige arbeidet. Det blir for lite føreseieleg, og det gjer sentera sårbare for årlege variasjonar i tildelingar. Det gjer det også vanskeleg å planlegge og rekruttere. Vi ber no staten etablere ein ny og føreseieleg finansieringsmodell, som legg til rette for stabil og langsiktig drift, seier fylkesordføraren. 

Fylkesutvalet ber Klima- og miljødepartementet i samråd med Kultur- og likestillingsdepartementet vurdere finansieringsløysingar. 

Tre nasjonale fartøyvernsenter

Det er tre nasjonale fartøyvernsenter: Nordnorsk Fartøyvernsenter i Sør-Troms, Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand og Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Sentera skal  

  • sikre den historiske handverkskompetansen som trengst for å ta vare på fartøya 
  • utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy 
  • dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt stil sjølve handverket 

Dei nasjonale fartøyvernsentera vart etablerte av Riksantikvaren i 1996. 

Les meir i saksframlegget til fylkesutvalet.