Stor kontroll av drosjenæringa: –Opptatt av at bransjen er ryddig og seriøs

Fleire lovbrot blei avdekka, men størstedelen av drosjenæringa er oppteken av seriøs drift.

Folk som står ved drosjar som blir kontrollert.
POSITIVE: Kontrollørane opplevde at fleire sjåførar var positive til aksjonen, og mange uttrykte at dei ønskjer seg fleire og hyppigare kontrollar. Foto: A-krimsenteret.

Førre veke var Vestland fylkeskommune med å gjennomføre ein omfattande kontroll av drosjenæringa, i samarbeid med a-krimsenteret i Vestland, Statens vegvesen, Skyss, Justervesenet og Utrykningspolitiet. Kontrollane omfatta både elevtransport, pasienttransport og ordinær drosjekøyring, med mål om å sikre trygge og lovlege forhold i næringa.

Totalt vart 195 drosjar og sjåførar kontrollerte av a-krimsenteret, (arbeidslivskriminalitetssenteret) og Justervesenet gjennomførte kontrollar av 201 taksameter. Det vart avdekt fleire regelverksbrot.

Tek avvika på alvor

– Vestland fylkeskommune er positiv til målretta kontroll av drosjenæringa. Vi er opptekne av at bransjen skal vere ryddig og seriøs, og at passasjerane skal kjenne seg trygge. Avvik som blir avdekte i denne eller andre kontrollar blir tekne på alvor og blir følgde opp i dialog med kvar enkelt løyvehavar, seier Anne Iren Fagerbakke, direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.

Færre lovbrot som gjeld elevtransport

– Når det gjeld skulekøyring er inntrykket at det er ei betring i forhold til kontrollane i fjor. Vi ser framleis brot, men færre enn ved førre større kontroll, seier Ove Boga, leiar for a-krimsenteret i Vestland.

Skyss er ein del av Vestland fylkeskommune og har ansvar for elevtransport i fylket.

– Vi har god dialog med a-krimsenteret. Hovudfokuset vårt i dette arbeidet er at skuleskyssen skal vere trygg og påliteleg. Vi er glade for at det er ei betring samanlikna med kontrollen av skuleskyss i fjor, og samarbeider vidare med a-krimsenteret, mellom anna med henblikk til nye krav i kommande anbod, seier kommunikasjonsrådgjevar Øyvind Strømmen i Skyss.

Det blei gjennomført kontroll av drosjar ved fire skuler i Vestland.

Glade for å bli kontrollerte

Under aksjonen opplevde kontrollørane at fleire sjåførar var positive, og mange uttrykte at dei ønskjer seg fleire og hyppigare kontrollar.

– Det er viktig å få fram at størstedelen av næringa er oppteken av seriøs drift. Fleire sjåførar sa rett ut at dei er glade for at vi gjennomfører kontrollar, fordi det bidreg til å rydde opp og skape meir rettferdige konkurransevilkår. Det styrkjer også tilliten frå dei som bruker drosjetransport, seier Boga.

Kvifor kontrollerer vi?

A-krimsenteret har tidlegare gjennomført kontrollar i drosjenæringa for å avdekke forhold som uregistrert eller svart arbeid, brot på lønns- og arbeidsvilkår, trygdemisbruk og svart omsetning.

Tidlegare kontrollar har avdekt risiko for slike forhold innan elev- og pasienttransport.

Sjølv om fleirtalet følgjer regelverket, er det viktig å fange opp dei som ikkje opererer forsvarleg – både av omsyn til passasjerane, konkurransen og den seriøse delen av bransjen.

– Formålet med kontrollane var førebygging og avdekking av regelverksbrot. Kontrollane skulle også gi oss eit bilete av nosituasjonen, seier Boga.

Hovudfunn frå kontrollen

Kontrollane avdekte fleire brot på regelverket, mellom anna var det ein del feil med løyve. Dette dreidde seg om at ein ikkje hadde fått tildelt løyve, mangla originalt løyvedokument eller berre hadde kopi av løyvedokumentet i bilen.

– Det er viktig at det originale løyvedokumentet er i bilen slik at vi kan sjå at det ikkje er kopiert og dermed at ein kan dele det med fleire. Kvar drosjebil skal ha eige løyve, seier Boga.

Det vart avdekt 16 feil med løyve som medførte bruksforbod, altså at drosjen ikkje får køyre vidare med passasjerar.  Det vart oppretta éi melding for køyring utan løyve.

Ti bilar var ikkje merka utvendig med løyvenummer, og i 50 drosjar var ikkje løyvenummer eller køyresetel synleg inne i bilen, frå passasjerplass.

– Det er viktig at publikum og passasjerar kan kontrollere at bilen faktisk er ein drosje, og køyresetel viser at sjåføren er godkjend og helsevurdert, understrekar Boga.

Seks køyretøy var ikkje registrerte som drosje, noko som i verste fall kan tyde på ulovleg drosjekøyring. Det vart også gitt umiddelbar bruksforbod til to drosjar som mangla køyresetel fullstendig.

Éin drosje stakk også av og unndrog seg kontroll.

Justervesenet fann avvik på 26 av 201 kontrollerte taksameter. Feil ved taksameter kan føre til feilprising og manglande sporbarheit.

Nav følgjer opp fleire saker knytte til trygdemisbruk og manglande registrering i Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret. Rett registrering i registeret er viktig for å førebyggje registermanipulasjon.

Arbeidstilsynet og Skatteetaten følgjer også opp konkrete saker.

Arbeidstilsynet har førebelse funn, basert på sjåførane sine eigne opplysningar. Dei dreier seg om at fleire rapporterer om mangel på arbeidsavtalar, at dei ikkje fører arbeidstid eller veit om det blir ført arbeidstid og at dei ikkje får lønnsslipp.

Statens vegvesen gav fleire bruksforbod på grunn av feil med løyve, eller at dei ikkje hadde løyve med seg i bilen.

– Vi gav også nokre bruksforbod på grunn av manglande registering som taxi i køyretøyregistera, seier Jan Rune Presttun i Statens vegvesen, som legg til at det også var mykje positivt å sjå under kontrollane. 

Framleis behov for kontroll

– Funna viser at det framleis er nødvendig med kontrollar. Det er viktig både for tryggleiken til barn, pasientar og andre reisande, og for konkurransen i marknaden, seier Boga.

Fleire etatar melder at slike samarbeidskontrollar er svært effektive, både for å avdekkje regelverksbrot og for å gi næringa tydeleg informasjon om krava som gjeld.

Viktig med samarbeidskontrollar

– For lokalt politi og Utrykkingspolitiets del var det positivt at ingen slo ut på rus eller alkohol, og at alle hadde gyldig førarkort, seier Eivind Hellesund, assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet. 

– Det er effektivt når fleire etatar går saman om kontrollverksemd, og dette er eit viktig arbeid for å få bukt med kriminalitet på veg, som er eit av satsingsområda til utrykkingspolitiet.

Kan kalle tilbake drosjeløyve

Grove eller gjentekne feil kan føre til at fylkeskommunen kallar tilbake drosjeløyvet. Alle løyvehavarane som blei registrert med avvik frå kontrollen vil bli kontakta.