Vestland fylkeskommune gir 34 millionar til grøn næringsutvikling

Hovudutval for næring har vedteke årsplan for 2023. Planen slår fast både korleis fylkeskommunen skal utøve rolla si som samfunnsutviklar innan næring og innovasjon og set av over 20 millionar til ulike tilskotsordningar, som skal stimulere til nye idear og løysingar.

Oversiktsbilde av Florø.
BEREKRAFTIG VERDISKAPING: Årsplanen skal sikre oppfølging av den regionale planen for innovasjon og næringsutvikling, «Berekraftig verdiskaping». Foto: Vestland fylkeskommune/Morten Wanvik.

Årsplanen skal sikre oppfølging av den regionale planen for innovasjon og næringsutvikling, «Berekraftig verdiskaping».

– Dette inneber at vi skal gjennomføre ei rekkje tiltak i Vestland i 2023. Vestland fylkeskommune er hovudansvarleg for dei fleste i tett samarbeid med andre partnarar innan innovasjon og næringsutvikling, men partnarane har også ansvar for eigne tiltak, og vil innrette ressursbruken sin etter det, seier Tor Andre Ljosland.

Skal mobilisere næringslivet

Av dei totalt 34 millionane får fylkesdirektøren fullmakt til å disponere 13,2 millionar. Gjennom desse midlane skal fylkeskommunen utøve si rolle samfunnsutviklar. Dette inneber å samordne og mobilisere sentrale partnarar i næringsliv, offentleg sektor og forsking og utdanningssektoren. Midlane skal gå til eit breitt spekter av tiltak innan ulike satsingsområde. 5,6 millionar går til grøn næringsutvikling. Dette inneber mellom anna vidare oppfølging av prosjektet Grøn region Vestland og klargjering av kva innovasjonsprosjekt og hubar som skal inngå prosjektet, kartlegging av potensialet for berekraftig mineralutvinning som er kritisk for grøn omstilling og satsing på elektrisk luftfart. To millionar skal gå til satsinga på areal til næringsutvikling, éin million til mobilisering til kompetanseutvikling i arbeidslivet og 4,5 millionar til å styrke innovative og inkluderande samfunn. Den sistnemnde satsinga skal styrke lokale innbyggardrivne utviklingstiltak.

Lyser ut 21 millionar

Hovudutval for næring set også av 21 millionar kroner til søkbare tilskotsordningar. Forslag til utlysingar og innretting inkludert tema, tildelingskriterium, vil bli tatt opp i eiga sak på hovudutvalet sitt møte i februar.

– Gjennom å lyse ut tilskot til aktørar i fylket har vi moglegheit for å få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping, seier Ljosland.

Kvifor vedtok hovudutvalet ein årsplan?

I 2021 vedtok fylkestinget vedtok Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og Næringsutvikling 2021-2033. Same år vedtok dei også eit fireårig handlingsprogram som konkretiserer kva som må gjerast for å oppfylle satsingane i næringsplanen. I tillegg til dette har hovudutval for næring ansvar for å lage årlege planar som viser kva tiltak som skal prioriterast det gjeldande året, altså årsplanar.

Klima og berekraft er gjennomgåande i både næringsplanen, handlingsprogram og årsplan. Målet er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

– Årsplanen konkretiserer mange tiltak som skal bidra til at vi når målet om at vi skal ha eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030, seier Ljosland.

Vil du vite meir?

Du finn meir informasjon om årsplanen og midlane til grøn næringsutvikling i saksframlegget. Klikk på lenka og deretter på sak PS 2/2023.