Ulukkestala langs skuleveg skal ned

Målretta tiltak for mjuke trafikantar skal vere med på å få ned talet skadde og drepne i trafikken i Vestland. Å trygge skulevegane er ei av satsingane i fylkeskommunen sitt trafikktryggingsarbeid framover.

hjartesone
TRYGGARE: Hjartesoner rundt skulane med mindre biltrafikk og tryggare stoppesoner er eit av tiltaka fylkeskommunen no vil prioritere i lag med Trygg Trafikk. (Foto: Vestland fylkeskommune/Amalie Malmo)

Fylkestinget i Vestland vedtok 29. september Handlingsprogram for trafikktrygging i Vestland 2022-2025, med tilhøyrande satsingar og strategiar.  

 Vil trygge fleire gåande og syklande 

 Våren 2022 vart ein ulukkesvår i trafikken nasjonalt etter fleire år med positiv utvikling. No har fylkeskommunen samla 58 tiltak for å få ned ulukkestala i Vestland, i lag med samarbeidspartar som Trygg Trafikk og kommunane.

– Prioritering av trygge skulevegar, og særlege trafikksikringstiltak som hjartesoner rundt skular, er ei av satsingane våre framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Fylkestinget vil auke talet gåande og syklande, men det skal aldri gå utover tryggleiken. Vi set inn målretta tiltak for dette. 

I Vestland gjev ulukkestala for syklande og gåande uro, og særleg for dei på el-sparkesykkel. "Mjuke trafikantar i regionsenter og langs skuleveg" er eitt av fire satsingsområde i Handlingsprogram for trafikktrygging Vestland 2022-25.
Mellom anna skal drift og vedlikehald av gang- og sykkelinfrastruktur styrkast, det skal byggast gang- og sykkelvegar på prioriterte strekningar, og fysiske trafikktryggingstiltak skal først byggast der det er mange mjuke trafikantar. 

 Tiltak mot dei mest alvorlege ulukkestypane prioritert 

 Utforkøyringar, møteulukker og ulukker med mjuke trafikantar er dei største ulukkestypane i fylket, og tala for ulukker med MC er høge. Den overordna strategien framover er at arbeidet skal rettast mot dei mest alvorlege ulykkestypane og trafikantar med særleg høg risiko.

– Fylkeskommunen skal til dømes gjere tiltak mot utforkøyringar på prioriterte vegstrekningar og utbetre særskilt utfordrande punkt på resten av fylkesvegnettet, seier Askeland.   

Hovudmålet i handlingsprogrammet er å redusere talet drepne og hardt skadde i vegtrafikken i Vestland frå 82 i år 2021 til 44 i 2030. Gjennom trafikktryggingsutvalet i fylkeskommunen blir det lagt til rette for samarbeid med Statens vegvesen, Trygg Trafikk, politiet, kommunane og andre for å nå målet. Trafikksikker åtferd hjå trafikantane er no også eit prioritert arbeid i partnarskapen.

– Å lære barn og unge korleis ein skal opptre i trafikken er ei viktig satsing. Mellom anna jobbar vi i lag med Trygg trafikk med trafikktrygging for avgangselevane i vidaregåande skule. Visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken er grunnlaget vårt, og alle gode krefter må dra i lag for å få det til, seier Askeland.