Ikkje streik i Vestland fylkeskommune

Oppdatert 24.05 kl. 14.00: KS vart samde med LO, Unio, YS og Akademikerne om årets lønsoppgjer i kommunal sektor. Det betyr at Vestland fylkeskommune ikkje blir ramma av streik i denne omgang.

foto av ung jente som får behandling hjå tannlegen
STREIK: Ein eventuell streik i kommunesektoren vil få konsekvensar for blant andre pasientar i den offentlege tannhelsetenesta. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Opphavleg nyheitsmelding frå 24.05 kl. 08.00:

Sentrale tariffpartar i kommunesektoren meklar no om resultatet av lønsoppgjeret 2022. Fristen for mekling var satt til midnatt 23. mai, og tysdag morgon meklar partane på overtid.

LO Kommune , YS-k og Unio har levert namnelister over medlemmar som vil bli tekne ut i streik, dersom partane ikkje blir einige. Det er foreløpig 27 personar på denne lista over tilsette i Vestland fylkeskommune. 

Tenester i Vestland fylkeskommune som kan bli ramma

Tannhelsetenesta

  • Tannpleiarar kan bli tekne ut i streik, og det kan i første omgang føre til forseinkingar, men ikkje større konsekvensar.
  • Pasientar som skulle hatt time hjå tannpleiarar som er ute i streik, vil få melding om avlyst time.
  • Følgjande klinikkar er ramma:
    • Sælen tannklinikk
    • Nestun tannklinikk
    • Arna tannklinikk
    • Sørås tannklinikk
    • Hesthaugen tannklinikk
    • Årstad tannklinikk
    • Loddefjord tannklinikk

Den kulturelle skulesekken

Ein tilsett i seksjon for kulturformidling vil eventuelt bli tatt ut i streik. Streiken vil få konsekvensar for arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Det gjeld både gjennomføring av turnéar til skulane inneverande skuleår, samarbeid med skular og utøvarar, opplegg for reise og annan logistikk. I tillegg vil streiken påverke planlegginga av neste års program i skulesekken. Samla skal nærare 80 produksjonar ut på skulane skuleåret 2022–23, og seksjonen arbeider med å få på plass avtalar med utøvarane og skulane før sommarferien.

Kulturarv – feltarkeologi

Streiken vil ved første uttak omfatte tre av tre disponible feltarkeologar med kontorstad Sandsli. Det vil få konsekvensar for tredjepart når det gjeld oppsette reguleringsplanar og tiltak i feltplan, som vert mellombels stogga, og rapportar som ikkje blir skrivne.

Kulturarv – arealplan

Fem tilsette ved kontorstad Sandsli blir tekne ut ved førsteuttak. Det vil få konsekvensar som manglande oppfølging av lovpålagde oppgåver som motsegnsmynde og klage på kommunale vedtak. Slik vil det ramme ein tredjepart, då planar ikkje kan ferdigstillast, og søknadar om dispensasjonar ikkje kan vedtakast i kommunen før fråsegn frå fylkeskommunen har kome inn.

Kulturarv – museum, fartøy- og bygningsvern

To av seks tilsette på kontorstad Sandsli blir tekne ut ved førsteuttak. Konsekvensar er blant anna at planlagde møte og synfaringar må avlysast, og saker som gjeld freda kulturmiljø blir utsette på ubestemt tid.

Bibliotekutvikling

To tilsette blir tekne ut ved førsteuttak. Det vil særleg ramme ferdigstilling av nettstadløysing for biblioteka i fylket og nasjonalt samarbeid om digital formidling av kulturfondbøker. Innkjøp av e-bøker og e-lydbøker til den felles samlinga for vgs- og folkebibliotek blir sett på vent, noko som vil redusere tilbodet i appen Bookbites.