Slik har innbyggjarane i Vestland det

Dei fleste vaksne i Vestland er nøgde med livet, opplever at dei har god helse og trivst i nærmiljøet. Ein av fire er fysisk aktive, og ni av ti har god tilgang til natur- og friluftsområde. Likevel er ein av ti einsame, og den psykiske helsa er prega av koronapandemien. Det syner resultata frå Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022.

foto av barn og unge på tur i ein skog
FOLKEHELSE: Folkehelseundersøkinga måler blant anna om innbyggjarane i Vestland trivst i nærmiljøet sitt, og om dei tykkjer dei har god tilgang til natur- og friluftsområde. Bildet er frå turområdet Trivselsskogen på Sandane. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland har som resten av landet også utfordringar med sosiale skilnadar mellom utdanningsnivå. Og ein vestlending i by’n har det litt annleis enn ein vestlending på bygda.

Folkehelseundersøkinga i Vestland vart gjennomført våren 2022 av Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Over 53 000 innbyggjarane over 18 år har svara på spørsmål om blant anna tilgang til tenester og fasilitetar lokalt, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd, sosialt miljø og livskvalitet.

Betring frå undersøking i 2020

Undersøkinga gir eit bilde av korleis innbyggjarane sjølve opplever eiga helse, trivsel og livskvalitet. 85 prosent av dei som deltok, svarde at dei er nøgde med livet. Det er ei klar betring samanlikna med ei undersøking i fylket under koronapandemien i november/desember 2020. Då svarde 74 prosent det same.

Andre utvalde funn:

  • 3 av 4 trivst godt eller svært godt i nærmiljøet.
  • 7 av 10 svarar at helsa er god eller svært god.
  • 1 av 10 svarar at dei opplever einsemd.

–  Det er gledeleg å sjå at innbyggjarane i fylket vårt stort sett har det bra og er nøgde med liva sine. Men vi ser også utfordringar, særleg når det gjeld sosial ulikskap i helse mellom utdanningsnivå. Dess høgare utdanning, dess betre kosthald og meir fysisk aktivitet. Det må vi prøve å gjere noko med. Det skal vere lett og rimeleg for alle å ta gode val for helsa, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis, som deltok på lanseringswebinaret for resultata 1. september.

Eit viktig verktøy

Golis orienterte om korleis fylkeskommunen vil bruke resultata vidare i arbeidet med å utvikle Vestland til beste for alle innbyggarane. Funna i undersøkinga er viktige verktøy, som syner kvar skoen trykkjer, og kvar det må leggjast ned ein ekstra innsats.

– Sosial ulikskap er utfordrande problemstillingar som fylkeskommunen saman med andre aktørar skal bidra til å minske. Difor er det viktig at vi jobbar saman med kommunar, regionale aktørar, næringsliv og frivillige organisasjonar for utjamning av skilnadar gjennom blant anna folkehelsetiltak, gode lokalsamfunn og nærmiljø. Vi må også jobbe saman med næringslivet for å få dei som dei som står utanfor arbeidslivet tilbake i arbeid, og gje dei høve til ein meiningsfylt kvardag, seier Golis.

På lang sikt vil også folkehelseundersøkingane kunne gje svar på om fylkeskommunen og kommunane treff med planverk og tiltak.  

Alt blir bra – eller?

Folkehelseundersøkinga i 2022 er spesielt viktig i lys av koronapandemien, då det er usikkert korleis åra med tiltak og smittevern har påverka folkehelsa. På lanseringswebinaret deltok representantar frå FHI som viste fram resultata i heilheit, men også resultat for psykisk helse og livskvalitet i Vestland frå 2018 til 2022. 

I Vestland forverra den psykiske helsa og livskvaliteten hjå vaksne seg under dei første åra med pandemi. Det kom særleg fram i ei måling i november/desember 2020 og dels i desember 2021. Tala nærma seg eit meir «normalt» nivå etter at smittevernstiltaka var oppheva i april/mai 2022. Likevel er nivået av psykiske plager litt høgare enn i dei gamle fylka våren 2018/19, og dei unge har dårlegast skår på tvers av målingane frå 2018 til i dag.  

– I kva grad desse endringane skuldast pandemien og smitterverntiltaka, er eit uttrykk for ein meir generell trend, har samanheng med andre forhold i samfunnet eller skuldast metoden som er brukt i undersøkingane, veit vi ikkje sikkert. Sett saman med anna litteratur, ser det likevel ut til at nivået av plager har lege høgare under pandemien enn det tidstrenden tilseier, særleg blant dei unge,  påpeiker Knapstad.

1 av 10 er einsame

Undersøkinga viser også at 11 prosent av dei som har svart, opplever einsemd. Det er liten skilnad mellom regionar, men fleire kvinner enn menn rapporterer einsemd, og delen er høgast hjå dei yngste og hjå dei med kort utdanning. På den andre sida vert vi mindre einsame dess eldre vi blir. 

– At meir enn 1 av 10 opplever einsemd må vere eit innsatsområde folkehelsearbeidet til kommunane. Einsemd er også ei politisk utfordring på nasjonalt nivå og påverkar helsa vår både fysisk og psykisk, seier Natalia Golis.

By versus bygd

At Vestland er samansett av både bygd og by, syner att i nokre av resultata i undersøkinga. Bergen og nærområdet skårar bra på gang- og sykkelvegar, idrettstilbod og tilgang til fasilitetar og tenester, men alkoholforbruket er høgare i Bergen enn resten av Vestland.

Innbyggjarane i Bergen har også høgst del med trivsel i nærmiljøet, men er den regionen med lågast del som rapporterer god tilgang til kystlinje, strand eller sjø.

Folkehelse og klima

Fylkesvaraordførar Natalia Golis er også oppteken av å løfte fram koplinga mellom folkehelse- og klimafeltet.

- Forskingslitteraturen trekkjer fram at klimaendringane kan auke ulikheit i helse i åra som kjem. Såleis kan arbeidet med å motverke klimaendringar, gjort på rett måte, også vere med å skape betre helse og meir rettferd. Menneskevenlege lokalsamfunn er bra for klima og miljø og omvendt. Vestland fylkeskommune har folkehelse som tema i klimaplanen vår, og det håpar vi regjeringa også ser på, seier Golis.

Ho seier vidare at utsleppsreduserande tiltak òg kan vere gode tiltak både for folkehelsa, livskvaliteten og levekåra til innbyggjarane.

– Både klimautfordringane og folkehelseutfordringane må løysast med tverrfagleg samarbeid, gode vinn-vinn-tiltak, seier fylkesvaraordføraren.

Kvifor ei folkehelseundersøking?

Resultata frå folkehelseundersøkinga er viktige verktøy i arbeidet med å betre folkehelsa og skape berekraftige lokalsamfunn og nærmiljø i eit framtidsretta Vestland.

– Dette er eit godt og viktig kunnskapsgrunnlag for arbeid med folkehelseoversikta og planarbeid i Vestland fylkeskommune. For kommunane er resultata relevante både for folkehelsearbeidet, og til drift og planlegging når det gjeld til dømes samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.