Likar å sparke – fekk 40 000 kroner i stipend

– Eg likar å få ut aggresjonen, seier Karoline Gjelsvik. Ho er rangert som den 31. beste i verda i taekwondo og får idrettsstipend av Vestland fylkeskommune. Ni utøvarar frå fylket er tildelt stipend på 40 000 kroner kvar.

To vinnarar av idrettsstipend.
IDRETTSSTIPEND: Karoline Gjelsvik og Mathias Føyner Wie er to av ni som fekk 40 000 kroner kvar i idrettsstipend. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Utdelinga var i Idrettens Hus i Bergen tysdag 20. desember. Den var eit samarbeid mellom Olympiatoppen Vest, Vestland idrettskrets og Vestland fylkeskommune. Fylkesordførar Jon Askeland delte ut stipenda. I tillegg heidra han alle medaljevinnarar frå Vestland i OL og VM i år.

Idrettsutøvar med mor og fylkesordførar.
Boksar Sofia Stigen Sørensen, Aurland IL, fekk idrettsstipend på 40 000 kroner og gratulasjonar av fylkesordførar Jon Askeland og mora Turid Stigen Sørensen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Dei ni stipendvinnarane er:

Karoline Gjelsvik, taekwondo (24 år), TIF Viking

Silje Rongvær Slyngstadli, symjing (18 år), Bergensvømmerne

Mathias Føyner Wie, roing (23 år), Bergens Roklub

Maren Hjelmeset Kirkeeide, skiskyting (19 år), Markane IL

Steffen Melheim, friidrett – diskos (19 år), Olden IL

Daniel Dukstad, langrenn (20 år), Voss IL

Sofia Stigen Sørensen, boksing (17 år), Aurland IL

Krizander Magnussen, bordtennis (16 år), Stord BTK

Johannes Årdal, skihopp (18 år), Jølster IL

Fylkesordførar og seks utøvarar som fekk idrettsstipend.
Seks av dei som fekk idrettsstipend var til stades på utdelinga til fylkesordførar Jon Askeland: Johannes Årdal (f.v.), Sofia Stigen Sørensen, Karoline Gjelsvik, Mathias Føyner Wie, Krizander Magnusssen og Daniel Dukstad. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Liten, men gøy sport

Stipendvinnar Karoline Gjelsvik seier at taekwondo er ein gøy sport.

– Det er ein liten sport i Noreg, men stor i verda. Eg byrja med fotball, men det var ikkje gøy. Så vart taekwondo ny sport i klubben. Det var meir min sport. Det er godt å få ut aggresjon gjennom slag og spark, men ikkje så gøy å få blåmerke sjølv. Etter VM i år gjekk eg rundt med blått auge. Det var ikkje kjekt, seier Gjelsvik.

Grunngjeving for stipendtildeling

Karoline Gjelsvik gjekk frå å vere rangert som nummer 216 i fjor til å vere rangert som nummer 31 i år på verdsbasis. Landslagsutøvar. Internasjonalt: 3. plass Tallin Open G2, 9. plass EM og tre 5. plassar i andre internasjonale konkurransar i 2022. Fleire topplasseringar tidlegare år. Deltok i VM oi november. Nasjonalt: NM gull 2021 og sølvmedalje i 2019. Mål om OL 2024 i Paris.

Silje Rongvær Slyngstadli har sin spesialitet på 50 m bryst. Internasjonalt: 1.plass 50m bryst i nordisk seniormeisterskap 2021. Skal representere Noreg i senior VM kortbane i Australia no i desember. Nasjonalt: 1.plass og norsk juniorrekord i NM kortbane 2021 og 1. plass og norsk juniorrekord i NM langbane 2022. Mål om å gjere det bra i EM, VM og OL.

Mathias Føyner Wie ror både lagbåt og singelsculler, og er på elitelandslaget. Internasjonalt: 10. og 17. plass lagbåt worldcup 2022. 13. plass U23 EM og 20. plass U23 VM singelsculler 2021. Nasjonalt kan han vise til mange NM medaljar på juniornivå, men har også NM sølv som senior frå 2020. Drøymer om medalje i OL i Paris 2024.

Maren Hjelmeset Kirkeeide er god i både skiskyting og langrenn. Går i fotspora til brørne Bø. Internasjonalt vann ho sprintdistansen under junior-VM sist sesong. Har starta årets sesong veldig sterkt med 8. og 19. plass i IBU cup for senior. Nasjonalt: Fire 1. plassar og ein 2. plass i ungdomsklassen kvinner 19 år sist sesong. Mål om å gå verdscup, samt medalje i VM og OL på sikt.

Steffen Melheim har diskos er spesialfeltet, men er også god i kule. Internasjonalt: 13. plass junior-VM 2022, 11. plass junior EM 2021 og 2. plass Ungdoms-OL 2019. Nasjonalt: 1. plass i både diskos og kule i junior NM 2021 og 2022. Har dominert nasjonalt i klassen sin i mange år. Mål om medalje i U23 EM, kaste over 70 meter og komme seg til OL i Paris 2024.

Fylkesordførar deler ut idrettsstipend til utøvar.
Langrennsløpar Daniel Dukstad, Voss IL, fekk idrettsstipend på 40 000 kroner og gratulasjonar av fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Daniel Dukstad har sin styrke i skøyting, men er også svært lovande i klassisk langrenn. Internasjonalt: Gode resultat i skandinavisk cup. Nasjonalt: 1. plass på 15 km skøyting og 10 km skøyting i junior noregscup 2022. 3. plass 20 km skøyting i junior-NM og 5. plass 30 km klassisk i noregscup-finalen for junior 2022. Målet er å kjempe om medalje i VM i Trondheim 2025 og OL i Italia 2026.

Fylkesordførar deler ut idrettsstipend til utøvar.
Fylkesordførar Jon Askeland deler ut idrettsstipend til Sofia Stigen Sørensen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sofia Stigen Sørensen er ein ung og lovande boksar som Olympiatoppen Vest følgjer tett. Internasjonalt: tre 1. plassar i internasjonale konkurransar, samt 3. plass i EM i 2022. Har også 1. plass i Hancock boxcup i Danmark i 2021. Tok ein flott bronsemedalje under junior VM i Spania no i november. Nasjonalt: Må konkurrere utanlands for å møte skikkeleg motstand. Dei store måla er medalje i VM og OL i framtida.

Fylkesordførar deler ut idrettsstipend til utøvar.
Bordtennisspelar Krizander Magnussen, Stord BTK, fekk idrettsstipend på 40 000 kroner og gratulasjonar av fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Krizander Magnussen er parautøvar som følgjer i fotspora til Tommy Urhaug. Internasjonalt: 2. plass i European Para Youth Games 2022 som er uoffisielt U23 EM. Nasjonalt: Har 13 NM gull i yngre klassar og juniorklassen, samt 3. plass i NM Para Åpen 2022. Mål om å nå VM i 2026 og Paralympics i 2028.

Fylkesordførar deler ut idrettsstipend til utøvar.
Skihoppar Johannes Årdal, Jølster IL, fekk idrettsstipend på 40 000 kroner og gratulasjonar av fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Johannes Årdal er skihoppar med lang reiseveg til nærmaste hoppbakke. Internasjonalt: 2. plass laghopp, 3. plass mikslag og 10. plass individuelt i junior VM 2022. Nasjonalt: 1. plass normalbakke og 2. plass stor bakke i junior NM, samt 3. plass noregscup elite i 2022. Mål om å bli verdas beste skihoppar.

100 søkjarar

Fylkesordførar Jon Askeland gratulerte alle stipendvinnarane.

– Stipendet skal vere støtte i utøving av idretten og til hjelp i den vidare karriæra. Dette er tredje gongen Vestland fylkeskommune deler ut idrettsstipend. Tidlegare har Hordaland fylkeskommune delt ut stipend sidan 1996. Totalt søkte 100 unge og lovande idrettsutøvarar stipenda, fordelt på 47 jenter og 53 gutar. Søkjarar kom frå 19 kommunar i fylket og reprersenterte 40 ulike idrettar. Tilbakemelding frå tidlegare vinnarar viser at stipenda har vore til god hjelp i den vidare karriæra. Eg har mine beste augneblink når eg ser meistring. Vi vil at de skal lukkast, sa fylkeordføraren.

Fylkesordførar med tre utøvarar som tok gull i OL.
Tre utøvarar som har gull i VM og OL var til stades og vart heidra fylkesordførar Jon Askeland: Sverre Lunde Pedersen (f.v.), Stian Angermund og Gustav Iden. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Medalje i OL og VM

Ni andre idrettsutøvarar frå Vestland vart heidra under tilstellinga for særlege idrettsprestasjonar. Dette er utøvarar som har teke medalje i olympiske leikar eller i verdsmeisterskap for seniorar.

Desse ni vart heidra:

Tarjei Bø, skiskyting (34 år), Markane IL for gullmedalje miksstafett, gullmedalje stafett, sølvmedalje jaktstart, bronsemedalje sprint, alle frå OL Beijing, Kina 2022.

Johannes Thingnes Bø, skiskyting 29 år, Markane IL for gullmedalje miksstafett, gullmedalje stafett, gullmedalje sprint, gullmedalje fellesstart, bronsemedalje normal, alle frå OL Beijing, Kina 2022.

Anders Mol, strandvolleyball (25 år), Beachvolley Vikings og Strandvik IL for gullmedalje strandvolleyball VM Roma, Italia 2022.

Fylkesordførar heidrar uitøvar som har gull i OL.
Triatlonutøvar Gustav Iden vart heidra av fylkesordførar Jon Askeland for gullet i Ironman på Hawaii og fekk eit bilete laga av Els Geelen frå Nordheimsund. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Gustav Iden, triatlon (26 år), Åsane cykleklubb for gullmedalje Ironman (7 t, 40 min, 24 sek) i VM Kona, Hawaii 2022.

Kristian Blummenfelt, triatlon (28 år), TIF Viking for gullmedalje Ironman (7 t, 49 min, 18 sek) i VM Utah, USA 2022 (utsett VM frå 2021), bronsemedalje Ironman (7 t, 43 min, 23 sek) i VM Kona, Hawaii 2022, gullmedalje Ironman 70,3 (3 t, 37 min, 12 sek) i VM Utah, USA 2022.

Fylkesordføraren overrekker eit bilete som heider for gull i VM til motbakkeløpar Stian Angermund.
Motbakkeløpar Stian Angermund vart heidra av fylkesordførar Jon Askeland for gullet i VM i short trial i Chiang Mai, Thailand. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Stian Angermund, motbakkeløping (36 år), Varegg Fleridrett for gullmedalje shorttrail (3 t, 8 min, 29 sek) i VM Chiang Mai, Thailand 2022.

Fylkesordførar heidrar utøvar som tok gull i OL
Skøyteløpar Sverre Lunde Pedersen vart heidra av fylkesordførar Jon Askeland for gullet i lagtempo under OL i Bejing med eit bilete av Els Geelen frå Nordheimsund. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sverre Lunde Pedersen, skøyter (30 år), Fana IL for gullmedalje lagtempo i OL Beijing, Kina 2022.

Håvard Holmefjord Lorentzen, skøyter (30 år), Fana IL for bronsemedalje 1000 meter, OL, Beijing, Kina 2022, gullmedalje lagsprint, bronsemedalje samanlagt sprint, VM Hamar, Noreg 2022.

Julie Nistad Samsonsen, skøyter (22 år), Fana IL, bronsemedalje lagsprint, VM Hamar, Noreg 2022.

– Hadde Vestland vore eige land

Fylkesordføraren delte ut kunstverk laga av Els Geelen frå Nordheimsund og gratulerte vinnarane.

– Vi har veldig mykje å vere kry av. Vi må løfte fram idretten. Hadde Vestland vore eige land, hadde vi gjort det veldig bra. Dette er gode prestasjonar, sa fylkersordførar Jon Askeland.