Innfører prøveprosjekt med gratis kollektivtransport for asylsøkjarar

Fylkesutvalet har bestemt at Vestland fylkeskommune skal setje i gang eit prøveprosjekt med gratis kollektivtransport for asylsøkjarar med gyldig asylsøkjarbevis.

Foto av bybanen og mange gåande i Bergen sentrum.
KOLLEKTIV: Prøveprosjektet med gratis kollektivtransport skal gjelde for alle asylsøkjarar med gyldig asylsøkjarbevis. Dato for oppstart av prosjektet er førebels ikkje klart, men Skyss kjem med informasjon om dette når det er avklart. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikken i fylket, og dette er difor eit område der vi har høve til å hjelpe ei utsett gruppe. Det er bra at vi finn gode løysingar innan tenestene våre når vi kan det. Prøveprosjektet skal gjelde alle med asylsøkjarbevis, slik at ordninga ikkje skal opplevast urettferdig mellom ulike nasjonalitetar, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Informasjon om dato for oppstart av prøveprosjektet kjem frå Skyss, som no skal følgje opp dette vedtaket. I midten av mars i år innførte Vestland fylkeskommune ei midlertidig ordning som gjorde at reisande med ukrainske pass, kunne reise gratis med transportmidla til Skyss

Mot seks stemmer 

Vedtaket om å innføre ordninga vart gjort mot seks stemmer, der representantane frå Frp, Høgre og uavhengig stemde mot.  

Debatten i fylkesutvalet gjekk ut på om transport for asylsøkjarar er eit fylkeskommunalt ansvar, og om dette inneber tapte inntekter for fylkeskommunen eller ikkje. Representantane som stemde mot meiner dette er eit kommunalt og statleg ansvar.  

Kva er asylsøkjarbevis? 

Flyktningar får asylsøkjarbevis frå politiet når dei søkjer vern (asyl) i Noreg. Beviset er gyldig i seks månadar, og kan fornyast om det går ut før asylsøkjaren har fått svar på søknaden. Fylkesutvalet vedtok prøveprosjektet med gratis kollektivtransport for asylsøkjarar i møtet 29. november. Prosjektet skal evaluerast etter eitt år.