Havbyen Bergen samlar til innsats

Prosjektet Havbyen Bergen samlar til innsats for berekraftig verdiskaping knytt til havet. Fylkesordførar Jon Askeland er valt til styreleiar for prosjektet dei neste to åra.

Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen med byrådsleiar Roger Valhammer ved sida av.
SAMARBEIDSAVTALE: Fylkesordførar Jon Askeland har leia eit arbeid som har resultert i ei samarbeidsavtale med aktørar frå både maritime næringar, forsking for forvaltning. Byrådsleiar Roger Valhammer i Bergen kommune var møteleiar på årsmøtet. Foto: Endre Høgalmen, Vestland fylkeskommune.

– Innsatsen i dette samarbeidsprosjektet skal vidareutvikle Bergen og Vestland sin unike posisjon som verdsleiande havregion. Havnæringa står sterkt i regionen vår og prosjektet skal bidra til vekst og aktivitet framover. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Berekraftig hav

Bergen kommune står bak det treårige prosjektet, saman med Vestland fylkeskommune og Universitetet i Bergen. Det er også utvikla eit samarbeid med sentrale aktørar innan nærings-, kunnskaps- og forskingsmiljøa knytt til havet.

Prosjektet har som overordna mål å leie an for eit berekraftig hav. Dette skal oppnåast gjennom å fremme auka samhandling, attraktivitet, berekraftig vekst og kompetanse med Bergen som sentral drivkraft. Bakgrunnnen for prosjektet er at både private og offentlege aktørar i Bergensregionen meiner det er naudsynt med eit prosjekt som kan sikre Bergen sin posisjon som havby. For å nå dei lokale, nasjonale og internasjonale målsettingene om reduserte utslepp er samarbeid og samhandling mellom det offentlege, næringslivet og innbyggjarane i Bergen og Vestland sentralt.

Inngjekk samarbeidsavtale

Sist veke var aktørane i prosjektet samla til årsmøte i Universitetsaulaen i Bergen. Fylkesordførar Jon Askeland har leia eit interimstyre, og orienterte årsmøtet om deira arbeid, som no har resultert i at dei mange aktørane kunne skrive under ei samarbeidsavtale denne dagen. Til saman 40 samarbeidspartnarar frå maritime næringar, forsking for forvaltning har signert avtalen i det unike prosjektet.

Den nye styreleiaren, Askeland, fekk i styret med seg sentrale representantar frå mellom anna Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Bergen næringsråd, Havforskningsinstituttet og næringslivet.