Fylkestinget vil hjelpe papirlause flyktningar

Fylkestinget slår fast at papirlause flyktningar i Noreg ikkje har tilgang til grunnleggande menneskerettar. No skal Vestland fylkeskommune jobbe for å betre situasjonen når det gjeld fylkeskommunale tenester og tilbod.

foto frå fylkestingsmøtet på Mongstad i september 2022
MONGSTAD: Fylkestinget var samla i Mongstadhallen på Mongstad då dei gjorde vedtaket om å jobbe for å betre situasjonen for papirlause innvandrarar. (Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Det vedtok fylkestinget i møtet på Mongstad 29. september.  

Utfordrande, men vil hjelpe 

– Med dette vedtaket anerkjenner Vestland fylkeskommune at papirlause flyktningar har helseutfordringar og ikkje tilgang til grunnleggande menneskerettar i Vestland og Noreg. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det kan vere utfordrande for det offentlege å nå papirlause innvandrarar fordi det kan bli oppfatta som å vere i konflikt med vernet av asylinstituttet. Papirlause flyktningar er definerte som personar som er i Noreg utan opphaldsløyve og blir omtalte som irregulære migrantar eller illegale innvandrarar.  

FN har tidlegare kritisert Noreg for brot på menneskerettane ved å ikkje tilby papirlause innvandrarar helsehjelp på linje med resten av befolkninga.

Tannhelse, busstilbod og skule 

Fylkeskommunen skal no lage ei oversikt over papirlause migrantar i Vestland og situasjonen deira, i samsvar med personvernlovgjevinga. Frivillig sektor blir invitert som innspelspartnar i arbeidet. Ei arbeidsgruppe på tvers av sektorane i fylkeskommunen skal vidare sjå på situasjonen til papirlause når det gjeld fylkeskommunale tenester og tilbod. Det gjeld til dømes busstilbod, tann- og folkehelsetilbod og tilbod i vidaregåande skule. 

– Dette er gjerne folk som ofte slit med både somatisk og psykisk sjukdom, stress og einsemd. Å leve utan lovleg opphald er svært vanskeleg, og den utrygge situasjonen skaper stress og held oppe helseproblem. Difor meiner vi det er svært viktig at vi som offentleg instans gjer det vi kan for å betre rettane til denne gruppa, seier Askeland. 

Arbeidsgruppa skal rapportere tilbake til fylkestinget innan mars 2023. 

Sjå til nabolanda 

Fylkestinget ønskjer også  at Vestland ser til andre nordiske land, som Finland og Sverige, for å finne gode løysingar. I Finland finst det til dømes ei lokalordning i Helsinki og Esbo der kommunane gjev primærhelsetenester til papirlause som bur i kommunen.  

Også i England og Nederland finst det ordningar og rettar for personar utan opphaldsløyve.  

Les meir om saka i saksframlegget.