Festdag med feiring av ny tunnel og ny tidsrekning på Flo i Stryn

Heile bygda Flo, frå dei yngste til dei eldste, møtte opp for den offisielle opninga av Flotunnelen og feiringa av ei ny tid for bygda ved Oppstrynsvatnet.

foto av fylkesordførar Jon Askeland som opnar Flotunnelen omkransa av ungar
FEST: – Kvar gong eg opnar tunnel i Stryn er det fantastisk flott vêr, fleipa fylkesordføraren, som i løpet av tre månader har opna to fylkesvegtunnelar i Stryn, Blaksettunnelen og Flotunnelen. (Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune)

Tunnelen vart opna for trafikk 8. april, tre månader før han eigentleg skulle vere ferdig. Fredag 24. juni vart tunnelen feira med høgtideleg opningsmarkering i Veslebygda og festlunsj på Flo.

Spesiell dag

– Då avdelingsdirektør Dina Lefdal ringde meg i mars og sa at tunnelen var bortimot ferdig og kunne opnast for trafikk sa eg: køyr opning, vi tek snorklippinga ein solskinnsdag til sommaren! Og slik vart det, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Dette var ein spesiell dag, også for fylkesordføraren.

– Det var kjekt å kunne lese om Ole Kristian som tok med seg familien og flytta tilbake til heimbygda på grunn av tunnelen. Vi må kjempe for det vakre Vestland som vi er så glade i, men då må Vestland vere tilgjengeleg året rundt. Vi håpar sjølvsagt at fleire følgjer Ole Kristian sitt eksempel og flyttar til Flo, sa fylkesordføraren.

foto av fylkesordførar Jon Askeland, avdelingsdirektør Dina Lefdal og ordførar i Stryn, Per Atle Kjøllesdal, som skålar i lokal epledrikk.
FEIRING: Fylkesordførar Jon Askeland, avdelingsdirektør Dina Lefdal og ordførar i Stryn, Per Atle Kjøllesdal, skåla i lokal epledrikk. (Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune)

Ingen tunnel utan lokal engasjement

Det var lite som minna om skredfare og uvêr denne nydelege junidagen.

– Det er ikkje så lett å sjå føre seg skred og ras ein slik vakker dag. Oppstrynsvatnet ligg spegelblankt, og ikkje langt her ifrå sat Amund Mork og skreiv Nordfjordsongen. Men nokre månader fram, når vinterstormane herjar og snøskreda buldrar i fjellsidene – det er då denne tunnelen verkeleg kjem til sin rett, sa fylkesordføraren.

Han nytta også høvet til å rose innbyggjarane på Flo, også kalla flo-arar, for initiativ og innsatsvilje.

– Det hadde ikkje vore tunnel utan engasjementet frå bygda.

Ny tidsrekning på Flo

Etter markeringa i Veslebygda var det kolonne gjennom tunnelen til Flo, der det var sett opp eit stort telt for anledninga.

foto frå festmiddag i telt
ENGASJEMENT: I teltet vart det servert betasuppe og kake til over 120 personar, som feira at lokalt engasjement endeleg har resultert i ny og rassikker veg. (Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune)

Innimellom serveringa var det fleire som nytta høvet til å fortelje kor viktig denne nye tunnelen er for bygda. Ein av dei var Kolbein Fridtun.

– Dette blir ei ny tidsrekning på Flo – før og etter tunnelen. I løpet av åra med anleggsdrift har fleire flytta tilbake, tunnelen har gjeve Flo eit løft og ny optimisme, seier Kolbein Fridtun.

Han sat i rassikringsgruppa som gjennom mange år la ned stor innsats for å mobilisere lokal- og fylkespolitikarar til å støtte deira sak.

Dagmar fekk fart i prosessen

Rassikringsgruppa tok fleire turar til Leikanger for å overtale fylkespolitikarane og vegstyresmaktene til å prioritere Flostranda. Dagmar sine herjingar i desember 2011 fekk fart på prosessen, då gjekk det fleire ras langs stranda, og innbyggjarane vart isolerte i fleire dagar.

foto av tre menn som snakkar på vegopning
FRÅ PROSJEKTET: Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Jon Harald Huseklepp, og anleggsleiar i Hæhre, Jan Lima, i samtale med koneransier Sven Flo. Samla har dei lagt ned 207 000 arbeidstimar på prosjektet – utan alvorlege hendingar. (Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune)

Sogn og Fjordane fylkeskommune ga startløyving til byggearbeidet i budsjettet for 2018. Våren 2019 starta førebuingane til tunneldriving med sprenging og rydding av forskjering, og i august same år small første salve. I oktober 2020 kunne Kolbein Fridtun tenne lunta for den siste salva i Flotunnelen, og tre år seinare stod tunnelen klar.

– Verdas vakraste bygd!

foto av kvinne i grøn kjole som snakkar i mikrofon
LETTA: Anne Lene Flo representerte folket på Flo, og takka alle som har jobba for å få realisert tunnelen. (Foto: Øyvind Flo-Torsdal)

Småbarnsmor Anne Lene Flo snakka på vegner av innbyggjarane på Flo, og nytta høvet til å dele ut gåver og blomar til rassikringsgruppa. Ho fortalte korleis kvardagen har vore for innbyggjarane på Flo, og kor mykje den nye tunnelen betyr for bygda.

– Det blir godt å sleppe å sende skuleungane på rasfarleg veg. Det blir godt å sleppe å reise tidleg heim frå jobb fordi vegen vert stengd grunna rasfare. Det blir godt å kunne vere med på fritidsaktivtitetar, gå på kino eller treffe vener i Stryn utan å sitte innesperra.

Ho har sjølv opplevd at snøskredet gjekk rett framfor skulebussen, og som småjente leika på rasoverbygget berre minutt før det rasa.

– Mang ein floar har har stogga bilen og rulla ned vindauga for å lytte etter skred før dei køyrer gjennom Flostranda. Mang ein floar har klatra over skreda for å nå heim til familie og fjøsstell. Stor takk til rassikringsgruppa på vegner av folket på Flo. Takk til politikarane som har jobba fram dette. Takk til de som har bygd tunnelen. De har alle sikra tilflytting og vekst til verdas vakraste bygd!

foto av ungar som syng framfor tunnel
SJARMERTE: Ungar frå Flo og Veslebygda hadde laga sin eigen versjon av Anna og Vilde sin "Vestlandet". (Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune)