Fem millionar kroner ekstra til godt skulemiljø

– Vi skal bruke pengane til å skape eit trygt og godt skulemiljø som fremjar trivsel, motivasjon og meistring, seier utvalsleiar Karianne Torvanger etter at hovudutval for opplæring og kompetanse har fordelt fem millionar kroner til betre psykisk helse i dei vidaregåande skulane.

Tre ungdommar sit i sofa med pc og bøker. Foto.
SOSIALE AKTIVITETAR: Pengane kan brukast til mellom anna sommarskule, sosiale aktivitetar og leksehjelp for å skape eit godt skulemiljø. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Halvparten av pengane blir fordelt likt mellom alle dei vidaregåande skulane i fylket, mens den andre halvparten blir fordelt etter elevtal.

– Vi vil oppmode skulane om å bruke pengane på sommarskule og sosiale aktivitetar før neste skuleår startar. Andre tiltak som vi ønskjer, er leksehjelp og sosiale aktivitetar gjennom heile skuleåret. Vi meiner at både fagleg og sosial utvikling er viktig for at elevar og lærlingar skal ha god livskvalitet, seier Karianne Torvanger.

Auka gjennomføring

Dei fem millionar kroner vart løyvt i budsjettet for 2022 som ein eingongsløyving til betre psykisk helse for elevane. No har hovudutvalet vedteke korleis pengane blir fordelt på skulane.

Bakgrunn for løyvinga er målet om auka gjennomføring i den vidaregåande skulen.

– Det får vi til gjennom eit inkluderande fellesskap på skulen som fremjar helse, trivsel og læring. Eit raust og støttande opplæringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevar og lærlingar blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling. Alle i laget rundt elevane og lærlingane skal sikre eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø som er helsefremjande og inkluderande, seier Karianne Torvanger.

Levekårsforskjellar

Etter framlegg frå Pauline Tomren, MDG, vedtok hovudutvalet eit tillegg som kan ha betydning for fordeling av framtidige tilsvarande løyvingar. Det går på å vurdere kriterium for tildeling ut frå systematiske levekårsforskjeller i elevmassen i Vestland, basert på levekårsindikatorar. Fylkesdirektøren har fått i oppdrag å sjå nærmare på dette.