Elevmentorar hjelper nye elevar i gang med eit annleis skuleår i Førde

Inga, Greta og Bertine er elevmentorar ved Mo og Øyrane skule i Førde, i det siste skuleåret før skulen blir del av nye Førde vidaregåande. Som mentorar skal dei gje nye elevar både ein god start og ei god oppleving gjennom skuleåret.

foto av tre jenter som har button med teksten elevmentor på t-skjorta
ELEVMENTORAR: Bertine Førde (f.v.), Greta Jurgaityte og Inga Førde er elevar på vg2 barne- og ungdomsarbeidar og elevmentorar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Det går føre seg mykje bygging på Øyrane i Førde. Der tek den nye vidaregåande skulen form, den som frå neste skuleår skal samle dagens Mo og Øyrane og Hafstad. Nesten alle elevane er no på plass i midlertidige lokale, mange i Concord-bygget over gata for byggeplassen, nokre i ein brakkerigg og enkelte andre stadar i Førde.

foto frå byggeplassen ved det som skal bli nye Førde vidaregåande skule
FØRDE VIDAREGÅANDE SKULE: Her tek den nye vidaregåande skulen form. Han skal vere i full drift frå skuleåret 2023/24 og skal samle dagens to vidargåande skular, Hafstad og Mo og Øyrane. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Viktige elevmentorar

Det blir såleis eit annleis skuleår, og det gjer kanskje elevmentorane ekstra viktige. Dei som første skuledag kom ein halvtime før alle andre, og som delte ut kjærleik på pinne til nye elevar og viste dei vegen til auditoriet for oppstartssamlinga. Dei jobbar to og to i par og har ansvar for kvar sine klassar. Hovudoppgåva er å gje nye elevar ein god start på det nye skuleåret, og hjelpe dei med å skape eit godt miljø i klassen sin.

– Elevane veit kva ein treng som ny på skulen. Alle skal ha det bra, og elevane har eit stort hjarte og skaper ein god energi. Vi hadde ikkje fått ein så god skulestart utan elevmentorane, seier rektor Liv Horvei.

foto av tre elevar og og rektoren ved Mo og Øyrane vidaregåande skule
POPULÆR ORDNING: Kvar vår lyser Mo og Øyrane vgs. etter nye elevmentorar, og rektor Liv Horvei fortel at det alltid er mange som vil bidra for å gje nye elevar ei best mogleg oppleving i møte med vidaregåande. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Mo og Øyrane har hatt elevmentorar i fleire år no. Mot slutten av kvart skuleår lyser dei etter nye, og elevane søkjer om å få bli mentor. Det er så intervju, utveljing og opplæring.

Skal bidra til godt klassemiljø

For Inga, Grete og Bertine er rolla som elevmentor faktisk del av undervisninga på barne- og ungdomsarbeidar. Dei har planlagt aktivitetar for kvar sine klassar og skal ha eit opplegg på tre timar i klassen no i oppstarten.

– Då skal vi ha bli kjend-leikar, blande klassen og finne på ting som kan skape eit godt klassemiljø. Vi skal også lage ein plakat med nøkkelord for eit godt miljø saman med klassen. Denne skal hengje i klasserommet og vere ei påminning, fortel dei tre jentene.

Første skuledag opplevde dei at nye elevar kom bort og spurde dei om praktiske ting, og dei trur det er nyttig for elevane å ha nokon dei veit dei kan ta kontakt med. Elevmentorordninga er del av Drømmeskolen-modellen, som Mo og Øyrane er med på.

Samstemte og positive

Utanfor brakkeriggen der elevane på bygg og anlegg har undervisning for tida, treff vi fem jenter som går førsteåret. Dei har allereie hatt elevmentoropplegg i klassen sin, der dei er elleve elevar som ikkje kjende kvarandre frå før.

– Det er ei fin ordning for å bli betre kjende med klassen, slår dei samstemt fast.

foto av fire jenter framfor ein brakkerigg
BYGGFAG: Magdalena (f.v.), Henriette, Victoria, Christine og Anna har starta på vg1 bygg- og anleggsteknikk og får første delen av skuleåret sitt i brakkerigg. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Elles ser dei fram til å flytte ut av brakkene og inn i flunkande nye lokale allereie i løpet av hausten.

Flytteprosess gjennom året

For sjølv om Førde vidaregåande skule skal stå klar frå neste skuleår, startar innflyttinga i dei nye lokala alt frå september av.

– Vi får ein flytteprosess heile året. Byggfag, TIF og elektro skal inn i løpet av hausten. Det er hektisk og krev ein del logistikk, men med god planlegging og gode førebuingar så skal det gå fint. Alle er positive og hjelpsame, og med godt humør og stor takhøgd, så ordnar det seg, seier Horvei.

foto frå byggeplassen for nye Førde vgs.
NYBYGG: Rektor Liv Horvei gler seg til alle elevane som no har undervisning ulike stadar i Førde er på plass i nybygget på Øyrane. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Ho fortel at sjølv om førebuingane til skuleåret har vore annleis i år, så er det viktigaste alltid og uansett at elevane skal ha ein god skulekvardag og få ein god oppstart. Der bidreg også den såkalla SLT-gruppa i Sunnfjord kommune. SLT står for samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet og er eit samarbeid mellom kommunen og politiet.

Eiga samling for nye hybelbuarar

Kvar haust når skulane startar har gruppa ulike tiltak for at både elevar som allereie bur i Førde og dei som kjem dit for å bu på hybel, skal ha ein best mogleg kvardag i byen. Onsdag denne veka var det orienteringsmøte for nye hybelbuarar før alle elevane på dei vidaregåande skulane var inviterte til arrangementet «Chill’n Grill».

– Vi i SLT-gruppa prøver å ha oversikt over kva som skjer i ungdomsgruppa, og målet er å handle raskt både oppover og nedover i systemet når det er nødvendig. Men det viktigaste i dag er at de ser ansikta våre, og veit at de kan ta kontakt om de treng det, sa Lillian Vassbotten, som er SLT-koordinator i Sunnfjord på hybelsamlinga i Førdehuset.

foto frå samling i Førdehuset
VELKOMMEN TIL FØRDE: SLT-gruppa i Sunnfjord kommune inviterer kvar haust nye hybelbuarar i Førde til ei samling, der dei fortel litt om aktivitetstilbod, ungdomshelsestasjon og anna. Varaordførar Anne Kristin Lilleaasen ønskte velkomen på samlinga onsdag 17. august. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)