Dobbel feiring av nye gang- og sykkelvegar
Små og store trossa regn og vindkast for å feire at dei no kan gå og sykle trygt i både Svelgen og Florø.
Fylkesvaraordførar Natalia Golis opna begge vegane og stilte i si nydelege hardangerdrakt og fylkesordførarkjede. For dei andre frammøtte var det vestlandsbunaden som gjaldt denne veldig våte dagen.
Ein kilometer ny gang- og sykkelveg
Først ute med opningsmarkering var Svelgen i Bremanger kommune. Her har Vestland fylkeskommune bygd ein kilometer ny gang- og sykkelveg mellom bustadområdet Breivika og Svelgen sentrum. Opningsmarkeringa var rett ved Svelgen skule, som har hatt anleggsarbeidet utanfor skuleporten. Første- til fjerdeklasse stilte med song og stor entusiasme, og Golis gratulerte dei unge med den nye vegen.
– For oss som planlegg Vestland, som de skal vekse opp i, er det viktig at de kan gå og sykle, og at de kan komme dykk trygt heim frå skule og fritidsaktivitetar, sa Golis.
Det er bygd 250 meter fortau og 750 meter gang- og sykkelveg, i tillegg til fortau til idrettshuset. 600 meter av fylkesvegen er lagt om for å få plass til gang- og sykkelvegen. Det er også sett opp veglys på heile strekninga. Arbeidet er fullført av entreprenørfirmaet Magne Hafstad AS, etter at firmaet som starta på prosjektet gjekk konkurs midtvegs.
Frå Bremanger til Kinn
Etter markeringa i Svelgen gjekk turen vidare til Brandsøyvegen i Kinn kommune. Her er gang- og sykkelvegen forlenga med omlag 1,5 kilometer. Dermed er det no samanhengande gang- og sykkelveg frå Solheim og heilt til Florø sentrum.
Arbeidet starta i januar i år og er utført av firmaet Entreprenørservice AS frå Førde. På delar av strekninga er det ikkje berre bygd nytt fortau, men bygd opp ei heilt ny vegbane. Fjellskjeringar er sprengde ut, og vegen flytta ut på fylling mot sjøen. På store delar av anlegget er det difor ikkje berre fortauet som får nytt asfaltdekke, men også vegbana.
Skålte med fylkesvaraordføraren
Blant dei som hadde møtt fram til opninga var søskena Toril, Egil og Eva, alle med etternamn Barstad, som stilte saman med søskenbarna Inge Willy, Joveig og Unni Flister. Dei er alle fødde og oppvaksne i dette området av Brandsøyvegen.
Dei hadde med seg alkoholfrie bobler som dei delte med fylkesvaraordførar Natalia Golis, og slektningane var samstemte i rosen av prosjektet.
– Dette er ein veldig god dag. Anleggsarbeidet har gått så fort og effektivt, og anleggsarbeidarane har vore veldig hyggelege. I tillegg er murane på nedsida av vegen flott utført, og eit fint syn når ein passerer Brandsøy frå sjøsida, seier dei.
Håpar på meir gang- og sykkelveg
Dei nytta samstundes høvet til å minne fylkesvaraordføraren på at det framleis er ei strekning austover på Brandsøyvegen som ikkje har gang- og sykkelveg.
– Vi håpar det blir bygd gang- og sykkelveg vidare til skulen. Frå Midttunet og innover er det no 30 ungar i barnehage- og skulealder. Den dagen den siste delen står klar skålar vi i ekte champagne, sa Joveig Røyrvik Flister.
Stor vekst i området
Også ordførar i Kinn, Ola Teigen, vaks opp langs Brandsøyvegen. Han skildra ei anna tid på Brandsøy, då det var langt mellom husa, og åttisone på vegen rett ved der han hadde sandkassa si.
– Brandsøy har forandra seg mykje sidan då. 80-sona har blitt til 50-sone, det har vore mykje tilflytting og stor vekst i bustadbygginga. Skulen på Brandsøy er den skulen i Florø som opplever størst vekst, fortalde ordføraren.
I samband med bygginga av fortau har Kinn kommune lagt ned ein ny pumpeleidning for kloakk. Fiberkabelen til Telenor er også lagt under bakken i samband med vegbygginga.