Bli med på guida turar til Vingen helleristingsfelt i Bremanger

Over 2000 helleristingar, nokre så gamle som 7000 år. Det finn du på Vingen helleristingsfelt ved Skatestraumen i Nordfjord. Kvar fredag i sommar blir det guida turar til det unike kulturminneområdet frå både Florø og Smørhamn.

Foto frå Vingen helleristingsfelt i Bremanger
SPEKTAKULÆRT: Helleristingsfeltet i Vingen ligg i eit mektig landskap med bratte fjellsider, fjord og med spektakulær utsikt til Hornelen som er Nord-Europas høgste sjøklippe (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune).

Helleristingsfeltet i Vingen er eit av dei største i Norden, og til no veit vi om ca. 2200 figurar som er hogde inn i overalt på bergflater, jordfaste blokker og mindre steinar. Bergbileta er daterte til steinalderen, i tidsrommet 5400–4200 f. Kr.

Tilgjengeleg berre på organiserte turar

Vingen helleristingsområde er områdefreda. Det er ikkje lov å opphalde seg der utan løyve, for å ta vare på det særmerkte området. Bremanger kommune arrangerer difor organiserte turar gjennom heile sommaren, der ein guide er med og fortel om dette unike kulturminneområdet.

Turane går fast kvar fredag frå 10. juni til 26. august. Det er mogleg å stige på rutebåten Sylvarnes frå både Florø kai og Smørhamn.

Vestland fylkeskommune har forvaltingsmynde for fredinga av Vingen.

Turen må bestillast på førehand

Rutetider

Det er viktig at du førehandstingar turen innan kl. 12.00 på fredagen du ønskjer å vere med. Ring Bremanger turistkontor på 48 14 04 88 og bestill tur. Dersom det er svært dårleg vêr, kan turen bli avlyst.

Ønskjer du å avtale eit eige opplegg, kan du kontakte turistkontoret og få skreddarsydd turen.

  Tur   Retur
Florø kai kl. 16.05 Vingen kl. 18.10
Smørhamn kl. 16.40 Smørhamn kl. 18.35
Vingen kl. 17.10 Florø kai kl. 19.15

 

Praktisk informasjon

Terrenget i Vingen er ulendt, og du må gå for å komme deg fram. Det er ikkje er høve til å ha med seg hund til Vingen.