Ber regjeringa om tydelege mål i energipolitikken
Fylkestinget meiner regjeringa må peike på tydelege mål for kraftproduksjon og nettutvikling, som kan vise retning for landet.
I tillegg ber fylkestinget regjeringa lansere eit nytt tydeleg mål for energieffektivisering i samfunnet. Omsynet til klima og miljø må vere eit premiss for utviklinga mot dei nye måla, heiter det i innspelet fylkestinget ga i møtet 22. juni til energikommisjonen.
Kommisjonen er oppnemnt av regjeringa for å kartleggje energibehova og fastslå auka energiproduksjon. Målet er at Noreg også framover skal ha eit overskot av kraft og at norsk industri og norske kundar framleis skal ha rikeleg med tilgang på fornybar kraft. Kommisjonen skal leggje fram ei samla utgreiing til Olje- og energidepartementet (OED) innan 15. desember 2022.
Dei regionale planane må ha ei viktig rolle
Vestland fylkeskommunen meiner det er avgjerande at regjeringa sine planar og mål om energi er i tråd med planane og måla til regionane og kommunane som skal realisere desse.
– Vestland fylkeskommune utarbeider no med regional plan for fornybar energi, i tett samspel med regional plan for klima. Desse, ilag med liknande arbeid andre stader i landet, må ha ei viktig rolle når regjeringa skal vurdera energiframtida i Noreg, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Askeland viser også til prosjektet Grøn region Vestland som har fått stor merksemd. Partnarskapen mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge har levert rapportar med anbefalingar for korleis regionen kan lukkast med det grøne skiftet.
– Dette ligg nær mandatet til energikommisjonen, og er derfor noko dei har stor nytte av. Grøn region Vestland viser at dersom Vestland lukkast med det grøne skiftet vil dette gje positive ringverknadar for resten av landet.
Meir effektiv saksbehandling
I innspelet etterlyser Vestland også at tidsbruken i sakshandsaming i konsesjonssaker må reduserast.
– Sakshandsamingskapasiteten i NVE og OED må betydeleg opp. Saker kan ikkje ligge i månadsvis utan å verta tildelt sakshandsamar, noko som fører til konfliktar. Vi ber om at det settast ein frist på 10 veker frå søknadstidspunkt til høyringsbrevet går ut frå NVE og OED, seier Askeland.
Behov for raskare oppgradering
Vestland fylkeskommunen meiner at rammene som gjeld for utbetring av kraftnettet i Noreg i dag ikkje er gode nok. Det er behov for raskare og meir oppgradering.
– Reaktiv oppgradering basert på innmeldt behov gjer at vi alltid er på etterskot. Noreg må sikte mot eit kapasitetsmål basert på den utviklinga me jobbar for å få til med tanke på elektrifisering og ny grøn industri, seier Askeland.
Vil ha havvind
Vestland fylkeskommune peiker også på potensialet for energiproduksjon og industriutvikling med utgangspunkt i havvind, og ber om regjeringa om å satse på havvind utanfor kysten av Vestland. Skal Noreg nå måla om tildeling av område for 30 GW havvind innan 2040 må dei fyrste prosjekta ta form snarast. Utviklinga av havvind bør skje i område der havbruks- og fiskeriinteresser veg mindre og at omsyn til biologisk mangfald i havet vert vektlagt.
Heile innspelet til energikommisjonen
For meir informasjon, følg denne lenka og klikk på saksframlegget for PS 68/2022: Innspel til energikommisjonen frå Vestland fylkeskommune. Merk at fylkestinget vedtok å endre punkt 5 i innstillinga til følgjande formulering:
«Vestland fylkeskommune vil peika på potensialet for energiproduksjon og industriutvikling med utgangspunkt i det store potensialet som ligg i havvind. Vestland fylkeskommune ber om at regjeringa satsar på havvind utom kysten til Vestland. Skal Noreg nå måla om tildeling av område for 30 GW havvind innan 2040 må dei fyrste prosjekta ta form snarast.
Utvikling av havvind bør skje i område der havbruks- og fiskeriinteresser veg mindre og at omsyn til biologisk mangfald i havet vert vektlagt.
Havvind gjev størst verdiskaping for Noreg om det blir etablert utom kysten av Vestland. Det er førespegla stor forbruksauke i ytre deler av Vestland. Ilandføring av kraft her utløyser eit stort verdiskapingspotesial i regionen og landet. I tillegg ligg det store areal som nyttast til utvinning av petroleum utom kysten av Vestland. Store deler av denne næringa treng elektrisk kraft for å ta bort utleppspunkta på sokkelen. Dette er i tråd med Hurdalsplattforma som seier at sokkelen i størst mogleg grad skal elektrifiserast med havvind. Regjeringa må ha mål om installert kraftproduksjon frå havvind i 2030 og 2035 slik at vi tek satsinga på alvor allereie no og vi viser til pågåande prosjekt der ein flytande havvindpark i Vestland blir planlagt.»