Auka satsing på veg, skule og kollektivtrafikk - og god sosial profil

– Vi har styrt stramt i fleire år, og betalt ned på gjelda, slik at fylkesøkonomien no har betra seg. Då er det rom for å setja pengane i arbeid til beste for dei store behova som er i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har lagt fram budsjettet for neste år.

Bybanen i Bergen og folk
TAKSTFRYS: Det blir ikkje takstauke i kollektivtrafikken neste år. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Budsjettet er auka med 700 millionar kroner som mellom anna går til god sosial profil og auka satsing på veg, skule og kollektivtrafikk. Fylkestinget skal endeleg vedta budsjettet i desember.

Fylkesutvalet tilrår eit fylkesbudsjett for 2023 på totalt 17,7 milliardar kroner. Av dette går 13,1 milliardar kroner til drift og 4,6 milliardar til investeringar i bygg og anlegg.

Halv milliard ekstra til vegvedlikehald

– Vi har eit stort etterslep på fylkesvegnettet. Vi vil difor bruke ein halv milliard ekstra til vedlikehald over dei neste tre åra.  Bruken skal vere fleksibel, til både drift og mindre investeringstiltak. Vi skal bruke dei i størst mogeleg grad i samsvar med prioriteringane i regional transportplan (RTP), og i tett dialog med kommunane, slik at vi også får gjennomførd mindre tiltak som punktutbetringar, trafikktryggleik, hjartesoner, dekkelegging, ras og brusikring og tiltak som ikkje krev omfattande planlegging. Det er viktig at vi får sett pengane i arbeid, seier Askeland.

Skal rekruttere sjåførar og auke rutetilbodet

Fylkesutvalet er tydeleg på at det er uaktuelt å kutte i rutetilbodet neste år.

– For å lukkast med auka rutetilbod er det er det avgjerande med fleire bussjåførar. Vi vil difor bruke pengar til rekruttering for å sikre tilstrekkeleg mange sjåførar til å levere auka kollektivtenester, for vi har høge ambisjonar for kollektivtrafikken i Vestland, seier Askeland.

Klimagassutsleppa skal ned, og det er avgjerande at fleire set frå seg bilen og tek buss og bane.

– Vi har plikta oss til å bidra til nullvekstmålet i Bergensområdet. Vi er derfor tydelege på at det er uaktuelt med kutt i rutetilbodet i 2023. Tvert imot set vi av pengar til auka rutetilbod.

Takstfrys i kollektiv og rabatt for barnefamiliar og studentar

Kollektivtrafikken er eit anna stort satsingsområde for Vestland fylkeskommune i 2023.

– Vi satsar betydeleg på at endå fleire skal reise med buss, bane, båt og ferjer. Vi aukar difor ikkje takstane, men frys dei på nivået i dag fram til sommaren. Då skal vi gjere ny vurdering for kva vi skal gjere vidare. I august og september skal vi ha ein kampanje der vi gjev 40 prosent rabatt på alle månadskort. I tillegg ønskjer vi at det skal bli billegare for studentane å reise kollektivt og gjev dei 40 prosent rabatt på enkeltbillett. Vi gjer det også billegare for familiar å reise. I dag kan du ta med inntil fire barn gratis i helgar og heilagdagar. No skal rabatten gjelde alle dagar, seier fylkesordføraren.

Satsar på skulane

Vidaregåande opplæring er eit anna satsingsområde for fylkeskommunen.

–  Ei kartlegging i haust syner at det er stort behov for utstyr og læremiddel i skulane våre. Vi styrkar difor budsjettet med 30 millionar kroner som ei eingongsløyving til dette formålet. Vi vil også oppmodar skular som har oppsparte fondsmidlar til å nytte av desse til naudsynte investeringar i undervisningsutstyr slik at den samla summen blir større, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Andre tiltak i 2023

  • Ordninga med skulefrukost blir auka med ytterlegare fem millionar kroner.
  • Vaksdal mølle får 1,5 millioner til museumsprosjektet
  • Papirlause får ein halv million kroner til tannbehandling i regi av Kirkens Bymisjon.
  • Fylkeskommunen vil bidra til sikker russefeiring i Bergen. Politikarane vil be om ei politisk sak om dette.

Budsjettet til A, Sp, SV, V, KrF og MDG

Budsjett, verbal, frå A, Sp, SV, V, KrF og MDG

Budsjettet til Frp

Budsjettinnstillinga frå fylkesdirektør