4,9 millionar til utbygging av hurtigladetilbod
Seks ulike ladeplassar i Vestland får no til saman 26 lynladaruttak. Det vedtok hovudutval for næring.
Midlane går til søkjarane Eviny, JB Eigedom og Norteck. Til saman seks ladeplassar skal byggast ut. Fire av desse tilhøyrer Eviny.
– Vi gjer dette for å sikre eit betre ladetilbod i Vestland. Målet er at det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket til beste for både innbyggjarar og næringsliv, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Han legg til at fylkeskommunen har fått inn mange gode søknadar, men budsjettramma for ordninga gjer også at fleire av desse ikkje får innvilga løyving.
Den geografiske plasseringa av ladeplassane er Vinje, Gaupne, Nordfjordeid, Utne, Ljøsne og Sogndalsfjøra. Av desse er Ljøsne og Gaupne nye ladeplassar, medan dei andre prosjekta handlar om å utvide eksisterande ladeanlegg.
Regjeringa har som målsetning at alle bilar som blir selt frå 2025 skal vere utsleppsfrie.