247 millionar kroner til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Idrettshallar, klatreparkar, symjebasseng, ballbingar og andre anlegg står på mottakarlista når hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte årets spelemidlar 24. mai.

foto av Firda vidaregåande skule og Trivselshagen på Sandane
IDRETTSHALL: Trivselshagen IKS er ein av søkjarane som får spelemidlar i denne runden. Selskapet får over 4,8 millionar kroner til ein idrettshall med tre speleflater. Trivselshagen (t.v.) er eit kombinert skule-, kultur- og idrettsbygg, som ligg i tilknyting til Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, altså anlegg som legg til rette for eigenorganisert aktivitet nær der folk bur.

Betyr mykje for mange

Vestland fylkeskommune fekk i år 236 millionar frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Saman med vel 10 millionar i renter og inndregne midlar frå 2021, gir dette ein solid pott til fordeling rundt om i fylket.

– Det er alltid kjekt å dele ut spelemidlane, som vi veit betyr svært mykje for barn og unge, aktive idrettsutøvarar, små og store idrettslag og andre. Med desse pengane får vi realisert mange flotte anlegg, og det er flott at regjeringa gav meir til fordeling i år enn i fjor. Samstundes treng vi meir. Vi fekk inn søknadar for til saman 966 millionar. Då seier det seg sjølv at det er mange som ikkje får pengar i denne runden, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Vestland har lengst ventetid

Det er lang ventetid for å få spelemidlar, og Vestland er fylket i landet der søkjarane må vente lengst. Ventetida er i år estimert til 3,71 år, altså må dei vente nesten fire år frå dei søkjer og til dei faktisk får midlar.

– Det får konsekvensar for lag og organisasjonar på den måten at dei må betale store summer i renteutgifter fordi dei tek opp lån for å forskottere spelemidlane. Vi må gjere det vi kan for å redusere ventetida. Slik kan vi få realisert anlegg raskare, og vi får redusert kostnadar for lag og organisasjonar, seier Davies.

Vestland fylkeskommune har dei siste åra engasjert seg for å gjere noko med dette, både politisk og administrativt. Blant anna vedtok fylkesutvalet ei fråsegn til departementet i september i fjor.

Har rydda i anleggsregisteret

Noko av arbeidet har tydelegvis hatt effekt, då ventetida i Vestland er redusert frå 4,45 år i for til 3,71 år i år. Eitt av tiltaka er rydding i anleggregisteret. Feil her har gjort til at Vestland har stått med høgare anleggsdekning enn kva som har vore reelt. Og anleggdekning er ein av faktorane Kultur- og likestillingsdepartementet ser til når dei reknar ut fordelinga av spelemidlar mellom fylka.

Eit anna tiltak som kan ha hatt betydning for ventetida, er innkreving av restansar, altså midlar frå prosjekt som anten har blitt billigare eller ikkje har blitt etablerte som planlagt. Desse tilbakebetalte midlane utgjer saman med renter over elleve millionar kroner, der om lag ti millionar no blir løyvde til nye søkjarar.