– Slå ring om mangfaldet!

Den tragiske skytehendinga i Oslo i helga, og avlysinga av pride-arrangement over heile landet, rører mange sterkt – også i organisasjonen vår. – Meir enn nokon gong er det viktig å slå ring om mangfaldet, framhevar fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Rune Haugsdal.

foto av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Rune Haugsdal som lagar hjarteteikn med hendene ombord på ei ferje
ROM FOR ALLE: – I Vestland er vi opptekne av å byggje eit opnare, varmare og rausare samfunn med plass og rom for alle, seier fylkesordførar Jon Askeland, her saman med fylkesdirektør Rune Haugsdal. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Den uoversiktlege situasjonen har ført til at politiet over heile landet har åtvara mot pride-markeringar av omsyn til tryggleiken til deltakarane. 

Vi er ikkje kjente med at nokon av våre tilsette var direkte ramma, men vi veit at fleire med hjartet i halsen har kontakta vener og kjære for å finne ut om dei var trygge. Det er vondt å ta inn over seg at ei gruppe som har slåst så hardt for retten til å vere synlege, no av tryggleiksgrunnar blir rådde frå å samlast offentleg, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal. 

Viktig å kunne vere seg sjølve 

I Vestland fylkeskommune ser vi styrken i mangfaldet og arbeider for å vere ein trygg, raus og inkluderande arbeidsgivar. Vestland har også gjort vedtak om at fylket vårt skal vere ei antirasistisk sone. 

Jobb og arbeid betyr mykje for oss som menneske. Å kunne vere seg sjølve på arbeidsplassen, at vi kan kome med det kjønnsuttrykket vi har, og kjenne at vi kan delta fritt og på lik linje med kollegaer i ulike settingar, er grunnleggjande for trivsel og evne til å prestere på jobb. Eg håper at alle tilsette opplever Vestland fylkeskommune som ein trygg arbeidsplass, der alle kan vere opne om kven dei er, eller kven deira næraste er. Mangfaldet både i samfunnet og i organisasjonen vår er ein styrke som vi saman må slå ring om, understrekar Haugsdal.

Felles ansvar for kva samfunn vi ønskjer 

Fylkesordførar Jon Askeland peikar på den viktige rolla Vestland fylkeskommune har som samfunnsutviklar og ikkje minst skuleeigar med opplæringsansvar for opp mot 30 000 elevar, studentar og lærlingar. 

– Vi er takknemlege for at vi har opne og stolte tilsette som er gode rollemodellar, ikkje minst for ungdommen. Frå forskjellige stillingar i fylkeskommunen jobbar tilsette ut mot ulike grupper i samfunnet med auka likestilling og inkludering som resultat. Det gjer også alle som slår ned på negative kommentarar og haldningar. Her har vi eit felles ansvar. Saman legg vi grunnlaget for kva samfunn vi ønskjer å vere del av, og i kva retning vi ønskjer å utvikle fellesskapet. I Vestland er vi opptekne av å byggje eit opnare, varmare og rausare samfunn med plass og rom for alle. No er det viktigare enn nokon gong å hegne om desse viktige prinsippa, seier fylkesordførar Jon Askeland.