Vil ha rask framdrift og byggestart Arna – Stanghelle

– Det er viktig med rask framdrift vidare, slik at byggjestart kan skje så snart som mogleg, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet har samrøystes gjeve fråsegn til den statlege reguleringsplanen for E16 og Vossebana mellom Arna og Stanghelle.

NYE E16: Slik er det planlagt at Trengereid blir etter bygging av ny E16 og ny jernbanelinje mellom Arna og Stanghelle. (Illustrasjon: Statens vegvesen/Red Ant)
NYE E16: Slik er det planlagt at Trengereid blir etter bygging av ny E16 og ny jernbanelinje mellom Arna og Stanghelle. (Illustrasjon: Statens vegvesen/Red Ant)

Reguleringsplanen er basert på konsept 5 (K5) i konseptvalutgreiinga (KVU) for Bergen – Voss. Statens vegvesen og Bane NOR har utarbeidd reguleringsplanen. Den er no på høyring.

– Vi har prioritert E16 og Vossebana høgast av alle statlege prosjekt i nasjonal transportplan (NTP). Strekninga er rasfarleg for både veg og bane.   Det er difor positivt at reguleringsplanen no er ferdig. Det er ønskjeleg med ein rask planprosess   vidare, slik at bygginga kan starte så snart som mogleg. Planen gir eit godt grunnlag for vidare framdrift av prosjektet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ny veg og jernbane

Fellesprosjektet «E16 og Vossebanen, Arna-Stanghelle» omfattar planlegging av ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle/Helle. Fellesprosjektet er første byggetrinn for utvikling av   strekninga mellom Arna-Voss. Prosjektet har ein byggekostnad på 25,5 milliardar kroner. Summen skal delvis betalast med bompengar.

Fylkesutvalet er i utgangspunktet positiv til dei regulerte løysingane i planen, men har nokre merknader knytt til kulturminne og kulturmiljø, omklassifisering av veg, klima, massehandtering og tilbod til gåande og syklande langsetter strekninga.

Rasfarleg

Fylkesutvalet meiner at noverande delstrekningar Trengereid-Vaksdal og Vaksdal-Stanghelle ikkje skal omklassifiserast til fylkesveg, men framleis ha funksjon som riksveg. Dei får svært lite resttrafikk når den nye stamvegen er ferdig, og vil ikkje ha ein regional funksjon. Vegen  er rasfarleg og har mange tunnelar. Funksjonen til vegen vil i første rekkje vere som omkøyringsveg for E16 ved stenging av tunnelar.

Gang- og sykkeltilbodet langs nye E16 meiner fylkesutvalet at Statens vegvesen skal ha ansvar for  finansieringa av.

Fylkesutvalet støttar ønskje til Vaksdal kommune om alternativ B2. Det vil redusere trafikkstøy monaleg i tettstaden då vegen går utanom sentrum. I tillegg har alternativ B2 inntil eitt år kortare anleggstid enn alternativ B1. Landar ein likevel på alternativ B1 ber fylkeskommunen om at fellesprosjektet skal sikre framkome på fylkesveg 49 og 79 dersom desse skal vere omkøyringsvegar i anleggsperioden.

Klimagassrekneskap

Fylkesutvalet meiner det er positivt at det er utarbeidd eit klimagassrekneskap for prosjektet og at det er peikt på konkrete område ein bør jobbe med å redusere utslepp. Det er viktig at dette vert sett høgt på dagsorden i det vidare arbeidet.

Det blir ein del overskotsmassaer frå byggeprosjektet. Desse ber fylkesutvalet Statens Vegvesen om å halde fram arbeidet med å finne samfunnsmessig bruk av. Opplegget med mellombelse kaianlegg  ved fjorden for å transportere overskotsmassar ut med lekter eller båt, er ei god løysing, som også legg til rette for transport av massar til mogeleg samfunnsnyttig bruk.

Omsyn til kulturminne

Fylkesutvalet har òg ein del merknader til kulturminne og ber om at blir teke omsyn til Gamle Vossebanen, Christiania postveg, viktige kulturminneverdiar i Vaksdal sentrum, røyrgata til Vaksdal Mølle, viktige kulturminneverdiar i Stanghelle sentrum, og alternativ for vidare bruk av dei verneverdige stasjonsbygningane på  Stanghelle, Vaksdal og Trengereid.

Les saksutgreiinga (pdf)