Vil ha kontinuerleg bybanebygging til Åsane

– Vi skal bygge Bybanen til Åsane og ha kontinuerleg utbygging av den, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet er uroa over planforslaget til Eidsvåg senter AS med alternativ løysing for vegen gjennom Eidsvåg.

VIDARE UTBYGGING: I 2023 skal bygginga av Bybanen frå Bergen sentrum til Åsane starte.
VIDARE UTBYGGING: I 2023 skal bygginga av Bybanen frå Bergen sentrum til Åsane starte.

Eidsvåg senter AS ønskjer å bygge ut 1500 husvære i Eidsvåg i eit privat planforslag. Dette vil medføre at E39 må leggast i djupare trase, til dels i ein betongkulvert, noko som vil føre til forseinkingar i utbygginga og meirkostnader. Meirutgiftene for bybaneutbygginga er utrekna til mellom 1,4 og 1,8 milliardar kroner.

Bergen kommune har sendt det private planforslaget til Eidsvåg senter AS på høyring til fylkeskommunen og Statens vegvesen. Bystyret i Bergen skal ta endeleg stilling til utbyggingsplanane. 

Store konsekvensar

Fylkesutvalet er uroa over konsekvensane av det private forslaget. 

– Denne planlagde utbygginga i Eidsvåg vil få store konsekvensar for Bybanen. Utbygginga vil skje samstundes som vi bygger Bybanen. Det vil medføre omleggingar av hovudvegnettet mot Åsane i eit betydeleg omfang og vil sannsynlegvis føre til forseinkingar i planprosessen og lengre anleggsperiode. Forslaget vil òg gje store meirkostnadar, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Positiv til privat planarbeid

Slike meirkostnader vil gå utover kostnadsrammene for Bybanen og vil måtte dekkast inn med auka bruk av bompengar. Alternativet er at prosjektet ikkje blir realisert. 

Fylkesutvalet understrekar likevel at dei er positive til private planarbeid for vidare byutvikling ved Eidsvåg lokalsenter. Men dette må ikkje føre til forseinkingar eller meirkostnadar for Bybanen eller omfattande bindingar for det offentlege planarbeidet for den.

Økonomisk spleiselag

Fylkesutvalet viser til at utbygginga av Bybanen er eit økonomisk spleiselag, og planarbeidet, som Bergen kommune er ansvarleg for, må sikre at kostnadsnivået blir lågast mogeleg. 

Bystyret skal ta endeleg stilling til det private planforslaget for Eidsvåg. Bystyret skal òg vedta reguleringsplanen for Bybanen til Åsane i 2023. Då kan bygginga ta til. Etter planen skal Bybanen til Åsane opne i 2031.