Uroa over konsekvensane av Brexit for Vestlandet
Vestlandsrådet er uroa for konsekvensane for enkelte næringar på Vestlandet i samband med Brexit. Under eit møte med to departement i Oslo har politikarane peika på utfordringane og interessene til eksportnæringane på Vestlandet.
Brexit-avtalen mellom EU og Storbritannia var på plass rett før jul. EFTA/Noreg og Storbritannia forhandlar no om det permanente avtaleverket som skal regulere handelen mellom landa etter Brexit. Vestlandsrådet arbeider for at interessene til dei eksportretta næringane på Vestlandet blir ivaretatt i desse forhandlingane.
Må få ny avtale
I ein kronikk fortel arbeidsutvalet i Vestlandsrådet om møtet med Nærings- og Fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet 18. januar. Arbeidsutvalet er samansett av dei tre fylkesordførarane på Vestlandet: Tove-Lise Torve, Møre og Romsdal (leiar), Jon Askeland, Vestland og Marianne Chesak, Rogaland.
I møtet gjorde dei greie for utfordringane Vestlandet står overfor etter at Storbritannia har gått ut av EU. Dei peikar på at EU og Storbritannia ikkje er blitt samde om ein avtale om eksport av tenester. Noreg har heller ikkje nokon avtale med Storbritannia om dette. Men EFTA og Storbritannia er samde om at vilkåra i EØS-avtalen ikkje skal endrast under dei pågåande forhandlingane. Denne avtalen gir norske aktørar full tilgang til den britiske innanriksmarknaden inntil ny avtale er på plass.
Må førebu seg på endringar
Vestlandsrådet understrekar at det er viktig at regjeringa arbeider for at vilkåra i så stor grad som mogleg blir oppretthaldne i ein permanent avtale, og at det så snart som mogleg kjem på plass ein avtale som kan skape gode og klare rammer for næringslivet.
– Det er uansett sannsynleg at det vil bli meir restriktive ordningar for arbeidsimmigrasjon frå EU/EØS-landa, og at næringslivet må førebu seg på endringar i flyten av arbeidskraft mellom Noreg og Storbritannia, seier dei tre fylkesordførarane.
Viktig handelspartnar
Storbritannia er ein av dei viktigaste handelspartnarane til Noreg. Nærare halvparten av verdien av vareeksporten frå fastlands-Noreg til Storbritannia kjem frå Vestlandet, spesielt olje- og gassektoren representerer store verdiar.
Fire forhold opptek Vestlandsrådet særleg. Det eine er å få på plass ein ny avtale om tenesteeksport.
– Særleg levering av ulike offshoretenester til Storbritannia er heilt sentrale for mange lokalsamfunn langs kysten. Rundt halvparten av oppdraga til norske offshorefartøy er i britiske sektor, og representerer store verdiar. I tillegg sysselsett oljeserviceindustrien mange tilsette med oppdrag i Storbritannia og på britisk sektor, seier dei tre fylkesordførarane.
Fiske
Det andre Vestlandsrådet peikar på er god forvalting av felles fiskeressursar i Nordsjøen.
– Vi har spesielt understreka for regjeringa kor viktig tilgangen til britisk sone er for fiskeflåten på Vestlandet, og at fiskarane på Vestlandet også framover må få fiske i britisk sone.
Må få frihandelsavtale
Det tredje dei peikar på er eksport av sjømat og marknadsadgang
– Storbritannia er den femte største marknaden for norsk sjømat. Brexit gir Noreg og Storbritannia eit unikt høve til å forhandle fram ein frihandelsavtale med betre ordningar for norsk sjømateksport, som auka kvoter og låge tollsatsar på sjømat og foredla produkt. Dette vil bidra til ei meir konkurransedyktig sjømatnæring i Noreg og på Vestlandet.
Kompensasjonsordning
Det fjerde punktet Vestlandsrådet peikar på er kompensasjonsordning og omstillingsmidlar for bedrifter som blir særleg hardt ramma av Brexit.
– EU har innført ei ordning som har som oppgåve å støtte regionar/område som blir særleg hardt ramma av Brexit. Vi har bede regjeringa vurdere ei tilsvarande ordning dersom det viser seg at enkelte regionar og/eller næringar opplever store negative konsekvensar. Vestlandsrådet vil følgje utviklinga, og ta saka opp med departementa dersom det viser seg å vere behov for slike ordningar, seier dei tre fylkesordførarane på Vestlandet: Tove-Lise Torve, Jon Askeland og Marianne Chesak.