Status for verdsarvsentera i Vestland

Fylkesutvalet vart denne veka orientert om status for etablering av verdsarvsenter på Ornes, Bryggen og ved Nærøyfjorden.

Foto av Urnes stavkyrkje
PLANLEGG NYBYGG: På Ornes er det planar om eit nybygg for verdsarvsenteret for Urnes stavkyrkje. Går alt etter planen, blir det byggestart våren 2022. (Foto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune)

Fylkesutvalet bad tidlegare om ei oversikt over status for dei tre planlagde verdsarvsentera.

– Vi er fylket med flest oppføringar på verdsarvlista til UNESCO. Det er vi stolte av, og fylkeskommunen skal vere med å ta vare på denne viktige del av både kulturen, historia og naturen vår. Stavkyrkja på Ornes blir rekna som den eldste, bevarte stavkyrkja i landet, og tek oss tilbake til kristninga av landet. Bryggen fortel ein viktig del av handelshistoria vår, og landskapet i Nærøyfjorden er unikt i verdssamanheng, seier fylkesordførar Jon Askeland.

I tråd med utviklingsplanen

Klima- og miljøverndepartementet har ein ambisjon om å bidra til verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. I 2017 etablerte departementet ei felles autorisasjonsordning for besøkssenter.

Fylkesordføraren er oppteken av at potensialet i verdsarvstadane i Vestland blir utvikla på ein god og berekraftig måte.

– Verdsarvsentera vil bidra til å støtte opp om visjonen vår om å vere nyskapande og berekraftig, og dei er i tråd med alle hovudmåla i utviklingsplanen, slår fylkesordføraren fast.

Planlegg nybygg på Urnes

Dei tre verdsarvstadane i Vestland er komne ulikt langt i prosessen med å etablere verdsarvsenter. Urnes stavkyrkje er den einaste med autorisert senter, og Fortidsminneforeningen planlegg eit nybygg, då eksisterande bygg ved stavkyrkja er for lite.

Senteret er planlagt ved fylkesvegen, og arbeidet med reguleringsplan er i gang. Fortidsminneforeningen planlegg å lyse ut ein arkitektkonkurranse for utforming av bygget. Målet er at det skal spegle landskapet og omgjevnadane i form og materiale, og samtidig peile mot stavkyrkja sine kvalitetar i material og handverk.

Framdriftsplanen legg opp til byggestart våren 2022 og opning til sesongen 2024. Bygget er planlagt med eit areal på 700 m2 og kostnadsrekna til 56,9 mill. kr. Fortidsminneforeningen legg i den førebelse finansieringsplanen opp til å søkje Vestland fylkeskommune om 10 mill. kr til sjølve bygget.

Planar om ombygging på Aurlandsvangen

Fylkesutvalet vart tidlegare i år orientert om arbeidet med verdsarvsenter for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Nærøyfjorden Verdsarvpark har saman med Aurland kjøle- og fruktlager laga eit forprosjekt for verdsarvsenter plassert ved fjorden på Aurlandsvangen. Målet er å skape ein ny type signalbygg som er bygt kring den lokale historia og noverande aktivitet, samtidig som det ser framover mot framtidig utvikling.

Planen er å byggje om det eksisterande bygget til kjøle- og fruktlageret til verdsarvsenter, og at bygget også skal huse lokale verksemder, kontorlokale og utsal for lokalproduserte varer. Prosjektleiar arbeider vidare med å koordinere og halde framdrift mot eit hovudprosjekt.

Prosjektet slik det ligg føre i dag har ein byggekostnad på om lag 50 mill. kr. Ut frå finansieringsplanen vil prosjektet søkje fylkeskommunen om støtte på 600 000 kr administrasjon og 5 mill. kr til sjølve bygginga.

foto med utsikt til Aurlandsvangen
AURLANDSVANGEN: Verdsarvsenteret for Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden er planlagt på Aurlandsvangen, ved inngangen til verdsarvområdet. (Foto: Stig Roger Eide)

Forprosjekt for Bryggen

Bymuseet i Bergen, Museum Vest og Stiftelsen Bryggen har også hatt eit forprosjekt for etablering av eit verdsarvsenter for Bryggen. Det er også etablert eit verdsarvråd og eit fagråd. Arbeidet med eit verdsarvsenter vart sett på vent, då verdsarvrådet heller prioriterte å rullere forvaltningsplanen og tilhøyrande handlingsplan. Handlingsplanen vart vedteken i verdsarvrådet i april 2021, og det er forventa at arbeidet med verdsarvsenter no vert gjeve auka prioritet.

Per i dag ligg det ikkje føre noko estimat for kostnad eller finansiering utover det som vart gjort i forprosjektet. Delar av senteret vil bli finansiert med statlege midlar, men det vil også vere behov for økonomisk tilskot frå både Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.

Foto frå Bryggen i Bergen
HANDELSHAMN: Bryggen i Bergen vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO alt i 1979, som ein av dei første norske stadane. No er det vedteke ein handlingsplan for området, og det er venta at arbeidet med eit verdsarvsenter blir prioritert framover. (Foto: Diego Dielso, Wikimedia.org)

Du kan lese meir detaljert status for dei planlagde verdsarvsentera i saksframlegget til fylkesutvalet 11. mai 2021.