Skal undersøke korleis folk blir påverka av koronapandemien

Folkehelseinstituttet gjennomfører no ei undersøking i Vestland og i andre utvalde fylke i landet.

Handsprit og munnbind.
SMITTE OG AVSTAND: Undersøkinga skal mellom anna finne ut i kva grad innbyggjarane følgjer smittereduserande råd om hygiene og avstand. Foto: Shutterstock.

Koronapandemien har vore ei stor utfordring for både folk flest og for helsetenestene i dei fleste land over heile verda. Slik har det også vore i Noreg.

Folkehelseinstituttet gjennomfører derfor fylkeshelseundersøkinga om koronaviruset for andre gong i Vestland. I undersøkinga prøver dei å finne ut korleis den vaksne befolkninga i Vestland, og i andre utvalde fylke, har reagert på denne utfordringa.

Viktig med god deltaking

- Vi inviterer både dei som har svart og ikkje svart på tidlegare undersøkingar i Vestland, og håper at alle dei inviterte vil hjelpe oss ved å fylle spørjeskjemaet vi sender ut, seier prosjektleiar Tony Leino ved Folkehelseinstituttet.

Dei vil mellom anna gjerne finne ut i kva grad innbyggjarane følgjer smittereduserande råd om hygiene og avstand, kva grad av bekymring og angst som er knytt til pandemien, og om livskvalitet blant innbyggjarane er påverka av pandemien og tiltaka for å redusere smittespreiinga.

Resultata vil kome til god nytte i det viktige arbeidet for å avgrense koronapandemien i Noreg og for å kunne forbetre tiltaka, og dei vil vere viktige neste gong landet vårt står overfor eit nytt skadeleg virus.

Undersøking på internett

Dei om lag 15 000 i Vestland som blir trekt ut til å delta, får tilsendt SMS og e-post frå Folkehelseinstituttet. Utfyllinga vil ta om lag 20 minutt.

Godt samanlikningsgrunnlag

Deltakinga i tidlegare fylkeshelseundersøkingar i Vestland har vore god, og resultata er av veldig stor verdi ikkje berre i pandemihandteringa, men òg for det vanlege folkehelsearbeidet i kommunar og fylke. Vestland fylkeskommune prioriterer arbeidet med folkehelse høgt, for at folk skal få betre levekår og fleire leveår. Arbeidet skal vere med å jamne ut sosiale helseskilnader og skape eit samfunn som er tilgjengeleg for alle.

Verdifull informasjon

Til våren vil det kome ei ny generell folkehelseundersøking i Vestland, så om du ikkje blir invitert til å delta denne gongen, er sjansen stor for at du får ein invitasjon til våren.

- Vi håpar at alle som får invitasjon deltek i undersøkingane. Det vil gi oss verdifull og nyttig informasjon om korleis dei har det. Resultata kan vi bruke til å gi endå betre tenester til innbyggjarane våre, også når pandemien er over, seier Stian Skår Ludvigsen, seksjonssjef for statistikk, kart og analyse i Vestland fylkeskommune.