Samarbeider med Helse Fonna om psykologtenester

Vestland fylkeskommune samarbeider med Helse Fonna om psykologtenester for elevar i Sunnhordland og Odda.

foto av ung jente som sit i sofa og held seg til hovudet
FØREBYGGING: Psykologtenestene for elevar skal vere eit lågterskeltilbod, som er lett å oppsøke. Førebygging og tidleg behandling er stikkord. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Avtalen er ei oppfølging av fylkestingsvedtaket i desember 2020 om at Vestland fylkeskommune skal ha eit psykologteam for elevar og lærlingar. Fylkeskommunen kjøper psykologtenester tilsvarande ei heil stilling frå Helse Fonna, og denne skal samarbeide tett med teamet.

Eit lågterskeltilbod

Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal er nøgd med at elevane i sørlege delar av fylket no får eit godt tilbod.

– Psykologteamet er eit lågterskeltilbod, som skal vere lett å oppsøke. Elevane og lærlingane treng ikkje tilvisast. Psykologane skal kunne hjelpe skulen i det førebyggande arbeidet. Vi er nøgde med å ha fått på plass ein avtale med ein solid aktør, som løftar tilbodet til elevar i Sunnhordland og Odda, seier Lyngedal.

Betre førebygging

Psykologane i psykologteamet kan vise til vidare behandling der det er nødvendig, i samhandling med fastlege eller skulehelsetenesta.  

– Vi håpar at dette tiltaket kan bidra til endå betre førebygging og tidleg behandling av psykiske lidingar hjå unge. Det er eit flott og viktig tiltak, seier Kenneth Eikeset, som er klinikkdirektør i Helse Fonna.

Fylkestinget har bestemt at fylkeskommunen kan inngå samarbeid med kommunar og helseføretak der ein ikkje klarer å rekruttere eigne psykologar, eller der elevgrunnlaget er for lite for eigen psykolog.