Lyser ut midlar til læreplassgaranti

Hovedutval for næring har vedtatt å lyse ut 1,4 millionar til prosjekt som skal fremje ordninga med læreplassgaranti.

ULIKE UTFORDRINGAR: I nokre regionar er det vanskar med å skaffe nok læreplassar, mens i andre er det underskot på lærlingar. Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune/Morten Wanvik.
ULIKE UTFORDRINGAR: I nokre regionar er det vanskar med å skaffe nok læreplassar, mens i andre er det underskot på lærlingar. Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune/Morten Wanvik.

- Utlysinga er oppretta for å møte utfordringane regionane har med å skaffe nok læreplassar og lærlingar. For å finne gode løysingar er det viktig å få til eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv. Derfor ønskjer vi å mobilisere dei lokale kompetanseforuma, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Hovedutval for næring ber dei sju lokale kompetanseforuma diskutere behova i sin region av fylket som grunnlag for ein prosjektsøknad. Det er fylkeskommunen sjølv som har etablert kompetanseforuma der mellom anna lokalt næringsliv, kommunar, NAV og representantar frå dei vidaregåande skulane er representerte. Kvart av kompetanseforuma skal sjølv vurdere kven som skal stå som lokal søkjar på vegne av regionen.

Ulike utfordringar

Utfordringane er ulike mellom regionane. I nokre regionar er det vanskar med å skaffe nok læreplassar. Her er det behov for å gå i dialog med arbeidslivet. I andre regionar er det underskot på lærlingar, noko som i praksis betyr at tilgangen på læreplassar er god. I desse tilfella kan midlane gjerne brukast til å marknadsføre skulane i området, slik at elevane søkjer seg til stader der dei kan få læreplass. Det er det også variasjon mellom faga når det gjeld tilgang på læreplassar.

Må oppfylle eitt av tre krav

For å få midlar må prosjekta oppfylle minst eitt av tre føremål. Anten må dei jobbe for læreplassgaranti i regionen eller ved ein eller fleire skular i regionen. Dei kan også søke dersom dei nyttar læreplassgarantien til å marknadsføre skulane for å rekruttere fleire elevar/lærlingar. Prosjekta kan også få midlar dersom dei planlegg andre tiltak som kan vere med å sikre ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.

Det er fylkesadministrasjonen som skal vurdere søknadane. Midlane skal lysast ut i haust.

For meir informasjon, sjå saksframlegget.