Grip sjansen og fullfør vidaregåande

Er du permittert eller arbeidsledig og har ikkje fullført vidaregåande opplæring? No får du sjansen til å skaffe deg vitnemål eller fagbrev gratis.

illustrasjonsfoto av undervisning
UTDANNING: Vestland fylkeskommune vil i størst mogleg grad tilpasse tilbodet om opplæring til kva behov og ønske du har sjølv, og kva som er dei lokale behova for arbeidskraft der du bur. (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)

Det er ingen søknadsfrist, og vi behandlar søknadar fortløpande. Dei første tilboda startar våren 2021. Tilboda vert gitt på skule heiltid eller deltid, som nettundervisning, intensivundervisning og eksamenskurs. Tilbodet gjeld for permitterte og ledige som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Det gjeld uavhengig av alder, og spesielt for deg som ikkje har ungdoms- eller vaksenrett. Vestland fylkeskommune vil i størst mogleg grad skreddarsy løysingar som passar med lokale behov der du bur, og behova du har for vidaregåande opplæring.

Låg terskel for å søkje

Terskelen for å søke er låg. Du startar med å fylle ut eit kort søknadsskjema og kryssar av for fag du manglar heilt eller delvis. Deretter tek vi kontakt med deg for å vurdere kva behov du har og kva ønske du har for framtidig yrke. Du kan òg få karriererettleiing.

Grip sjansen om du er permittert eller ledig og kjenner deg att i noko av dette:

  • Du har gått på vidaregåande skule, men har ikkje fått vitnemål eller fagbrev.
  • Du har ikkje gått på vidaregåande skule, men har lang arbeidspraksis.
  • Du har gått på vidaregåande skule, men utdanninga er ikkje lenger relevant eller aktuell

Kanskje du

  • manglar nokre fag for å bli ferdig med vidaregåande opplæring?
  • har slutta før du var ferdig med skulen eller læretida?
  • ikkje har gjennomført fagprøva?
  • har lang arbeidserfaring, men ikkje fagbrevet som beviser at du kan faget?

12 300 heilt arbeidsledige i desember

Tal frå NAV viser at det var 12 300 heilt arbeidsledige personar i Vestland i desember. I tillegg er 8400 delvis arbeidsledige. Samtidig viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå at det er over 62 000 i Vestland som har grunnskule som høgaste fullførte utdanning (alder 16 år og over).

Blant ulike nasjonale koronatiltak, set regjeringa av pengar over statsbudsjettet til denne ordninga. Slik blir det mogeleg for permitterte og ledige utan fullført vidaregåande opplæring å få fullført fagbrev eller studiekompetanse.

Send inn søknad

Du fyller ut ein kort, digital søknad, der du kryssar av kva fag du manglar.